Idrettsforeningen Birkebeineren

Idrettsforeningen Birkebeineren (IBK) er eit idrettslag frå Krokstadelva i Nedre Eiker kommune som vart stifta 4. januar 1904. IBK er kortnamnet til laget, og står for Idrettsforeningen Birkebeineren Krokstadelva.

Birkebeineren
Fullt namnIF Birkebeineren
KallenamnIBK
Grunnlagd4. januar 1904
HeimebaneÅrbogen idrettspark
HovudtrenarKenneth Dokken
SupporterklubbBirkeberget
Liga2. divisjon fotball for menn
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Historie endre

Den 4. januar 1904 vart ein del av dei idrettsinteresserte i Krokstadelva kalla saman til eit møte på Hasselgården. Føremålet var å stifte eit idrettslag og få samla idretten i bygda. Resultatet vart at ein stifta idrettslaget, men ein vart ikkje samde om namnet. Dette vart utsett til eit seinare møte, der medlemmane skulle kome med forslag. På eit seinare møte vart det lagt fram fleire forslag, mellom anna frå Anders Stake med forslaget «Birkebeineren». Dette forslaget vart vedteke, og har siden vore namnet til idrettsforeininga.

Fotball endre

Fotballgruppa starta opp i 1907, men heldt det berre gåande i ein sesong. I 1914 forsøkte fotballgruppa seg igjen, men etter to sesongar var det på ny stopp. I 1921 starta dei opp att. I åra 1928 til 1933 spelte IBK fleire gode kampar, og spelte seg opp i Hovedserien. I 1933 meldte Birkebeineren seg på i Arbeidernes Idrettsforbund, og i 1935 vart laget AIF-meistrar etter 2-1-siger over Sparta frå Sarpsborg på Dæhlenengen grusbane. IBK gjentok triumfen i 1939 då Sprint, Moss vart slått 1-0 føre 5 000 tilskodarar på Bislett stadion.

I 1945 starta Birkebeineren igjen opp med fotball. AIF og NFF var no same forbund, slik at Birkebeineren no hadde høve til å spele mot alle klubbane. Dette gjekk bra, og i 1945 og 1947 kom laget til 3. runde i cupen. Dette er den beste prestasjonen til klubben under NFF. Birkebeineren hadde òg gode sesongar i 1946 til 1948. I 1948 var IBK nær ved å kome opp i hovedserien.

Perioden 1949 til 1962 var stort sett berre ein tilbakegang for klubben, og ved grasbaneopninga i 1963 var laget i 6. divisjon. Alt i 1964 starta laget i 5. divisjon. Her var IBK fram til 1973 då laget rykte opp til 4. divisjon. I 1975 spelte laget særs godt og vann avdelinga. I opprykkskampen mot Strømmen tapte IBK 2-1 og 2-0.

I perioden 1976 til 1982 heldt laget seg godt i 4. divisjon, men 1983 var eit dårleg år og laget måtte starte i 5. divisjon i 1984. Det skulle ikkje gå stort betre der, for A-laget rykte ned til 6. divisjon. I 1986 vart A-laget krinsmeistrar i 6. divisjon etter å ha slått Heradsbygda 4-1 og 7-2 i KM-finalen, etter blant anna å ha teke 38 av 44 mogelege poeng.

I 1990 var Birkebeineren berre eitt mål unna opprykk til 4. divisjon. Sesongen etter rykte dei derimot opp til 3. divisjon. Kai Lagesen vart toppscorar med hele 25 scoringar. I 1992 rykte laget ned til 4. divisjon att. Først i 1995 klarte Birkebeineren å rykke opp til 3. divisjon igjen, og var sidan der.

Den beste sesongen i 2000-åra var 2001-sesongen då IBK enda på ein 2. plass etter Strømsgodset 2. Sidan SIF rykte ned frå Tippeligaen, var det IBK som skulle i kvalifisering til 2. divisjon. Jerv frå Grimstad var motstandar og Birkebeineren vann 2-1 heime på Årbogen før dei tapte 3-1 borte og dermed rauk samanlagt. Ole Grøndahl vart toppscorar med heile 30 seriemål.

I 2005 enda Birkebeineren på ein tredjeplass i 3. divisjon, men hamna likevel heile 22 poeng bak Mjøndalen og Stabæk 2 som hamna a poeng. I 2006 vart det ein femteplass etter ein sesong som var prega av spelarfråfall og mange skadar. I 2009 vart det avdelingssiger i 3. divisjon avd. 08 og kvaliktap samanlagt 5-3 mot Førde.

Etter mange år i toppen av 3. divisjon lukkast det endeleg for IBK å rykke opp til 2. divisjon i 2011-sesongen. Opprykket var klart alt fem serierundar før slutt, då laget hadde ei leiing på hele 16 poeng til næraste utfordrar som var Hønefoss 2. Den 19. september 2011 var opprykka sikra, og Birkebeineren spelte 2. divisjonsfotball i 2012-sesongen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre