Idrettslaget Norrøna

Idrettslaget Norrøna er eit idrettslag som vart skipa i bydelen Dræggen i Bergen den 8. september 1889.

Friidrett stod sentralt då Norrøna vart danna og i mange tiår framover. I 1896 var idrettslaget eit av laga som grunnla Norges Friidrettsforbund. Norrøna arrangerte NM i friidrett 1949 for kvinner. Karar som Konrad Hauge, Hermund Høgheim og Magne Føleide representerte Norrøna i delar av eller heile si aktive tid. Frå ut 1960-åra fekk friidretten mindre å seie og friidrettsgruppa seinare nedlagt. Turngruppa har vore meir eller mindre aktiv gjennom Norrøna si soge. Ski og orientering har også vore idrettar i IL Norrøna. Siste femti år har Norrøna fyrst og fremst vore eitt lag for handball, med Norrønahallen som heimebane. Særleg er det karane sitt handballag som har hevda seg, med spel i eliteserien på 1980/90-talet.

Kjelder

endre