Idse skipreide
Idse skipreide (dessutan kjend som Idsø og Eiðsa) var ei av skipreidene i Ryfylke, med namn frå øya Idse.[1]
Geografisk område etter gammal inndeling:
- Strand sokn sør for Hidle, Tau mølle, Tauåna, Krossvatnet, Bjørheimsvatnet og Østrehusvatnet.
- Høle sokn aust for Høgsfjorden (som 1852 vart utskilt som Forsand sokn) og nord for Mæle og Kleppa.
Geografisk område etter noverande inndeling:
- Strand kommune sør for Hidle, Tau mølle, Tauåna, Krossvatnet, Bjørheimsvatnet og Østrehusvatnet.
- Forsand kommune unnateke Mæle og Kleppa.
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet og Idse skipreide vart nemnd Idse tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: 1841 vart Idse tinglag oppløyst og erstatta av Høle tinglag og det nye Strand tinglag.[2]