Iglesias
kommune i Italia
Iglesias (sardisk Igrèsias) er ein by i provinsen Sud Sardegna på Sardinia i Italia. Han har om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg 200 meter opp i åsane sørvest på Sardiina og var tidlegare eit senter for gruvedrift etter bly, sink og sølv, i tillegg til destillering av svovelsyre. I dag er 48 % av innbyggjarane i Iglesias arbeidslause.
Iglesias | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Sardinia | ||
Provins | Sud Sardegna | ||
Areal | 208,23 km² | ||
Folketal | 25 093 (1. januar 2023) | ||
Postnummer | 9016 | ||
Retningsnummer | 0781 | ||
Iglesias 39°18′37″N 8°32′14″E / 39.3102613°N 8.5372353°E | |||
Wikimedia Commons: Iglesias (Italy) |
Domkyrkja i Iglesias er frå 1288, medan borga er frå 1325. San Francesco-kyrkja er frå 1400-talet og eit fint døme på gotisk arkitektur.
Iglesias var provinshovudstad i den tidlegare provinsen Carbonia-Iglesias i lag med Carbonia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Iglesias» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2008.