Igor Paklin
Igor Paklin (fødd 15. juni 1963) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Frunze i Kirgisistan. Han deltok internasjonalt i høgdehopp for Sovjetunionen og seinare Kirgisistan. Paklin vann EM-gull i øvinga i 1986 og VM-sølv i 1987.
Igor Paklin | |
Statsborgarskap | Kirgisistan, Sovjetunionen |
Fødd | 15. juni 1963 (61 år) Bisjkek |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988 |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
Karriere
endrePaklin høyrde til verdseliten i høgdehopp frå 1983-sesongen. Han kom då på delt fjerdeplass under friidretts-VM i Helsingfors, på same høgda som bronsevinnaren. Same sesongen vann han høgdetevlinga under universiaden i kanadiske Edmonton. To år seinare forsvarte Paklin universiadetittelen då han i japanske Kobe sette verdsrekord med 2,41 meter den 4. september 1985, ein verdsrekord som stod til 30. juni 1987 då svenske Patrik Sjöberg hoppa ein centimeter høgre.
Prestasjonen i Kobe var den ypparste Paklin stod for. Året etter vann han høgdehopp under EM 1986 i Stuttgart med 2,34 m, og vinteren 1987 sigra han i innandørs-VM i Indianapolis i USA med å svinge seg over 2,38 m. Nett like høgt hoppa Paklin under VM 1987 i Roma, med det vart han sølvvinnar på same høgda som landslagskameraten, gullmedaljøren Gennadij Avdejenko.
Paklin deltok i store meisteskap fram til 1993, men hamna litt lengre nede på resultatlista for kvar einaste gong.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 1983 i Helsingfors: Nr 4 – 2,29 m
- EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje – 2,34 m
- VM 1987 i Roma: Sølvmedalje – 2,38 m, delt med Gennadij Avdejenko
- OL 1988 i Seoul: Nr 7 – 2,31 m
- VM 1991 i Tokyo: Nr 10 – 2,24 m
- OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa (2,20 m)
- VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa (2,15 m)
Kjelder
endre- «Igor Paklin» (på engelsk). Olympedia. Henta 8. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Igor Paklin» frå Wikipedia på tysk, den 12. april 2015.