Hennadij Avdjejenko
Gennadij Valentinovitsj Avdejenko[a] (fødd 4. november 1963) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Odessa i Ukraina, som tevla for Sovjetunionen. Han vart verdsmeister i høgdehopp i 1983 og olympisk meister i same øvinga i 1988.
Hennadij Avdjejenko | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Ukraina |
Fødd | 4. november 1963 (61 år) Odesa |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1988 |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
Aktiv
endreAvdejenko starta idrettskarrieren som tresteghoppar, seksten år gammal hoppa han 15,57 m. Etter kvart konsentrerte han seg om høgdehopp, og sette personleg rekord med 2,22 m i 1982. I 1983 overraska han stort i Helsingfors, då han gjekk til topps i høgdetevlinga under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett. Han forbetra sin personlege rekord med fire centimeter, og var saman med Tyke Peacock frå USA åleine om ta seg over 2,32 m.
Sommaren 1984 forbetra han sitt personbeste til heile 2,38 m, men deltok ikkje i sommar-OL 1984 i Los Angeles, då Sovjetunionen boikotta leikane. Fyrst i 1987 deltok han på ny i ein stor meisterskap. Under friidretts-VM 1987 i Roma var han ein av hovudaktørane i ei tevling med mange sterke prestasjonar. Fire mann klarde 2,35 m, og tre av desse svinga seg også over 2,38 meter. Patrik Sjöberg frå Sverige vart ståande att som vinnar, medan Avdejenko og Igor Paklin, som begge representerte Sovjetunionen, fekk kvar si sølvmedalje.
Under sommar-OL 1988 i Seoul vann Avdejenko gullmedaljen då han var den einaste som hoppa over 2,38 meter, tre mann stoppa på 2,36 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreMerknadar
endre- ↑ Ukrainsk skrift Геннадій Валентинович Авдєєнко
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hennadij Awdjejenko» frå Wikipedia på tysk, den 9. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- «Gennady Avdeyenko» (på engelsk). olympedia.org. Henta 19. februar 2023.