Iisalmi
Idensalmi, finsk Iisalmi, er ein bykommune nordaust i landskapet Norra Savolax (finsk Pohjos-Savo) i Finland. Kommunen, som er einspråkleg finsk, har eit landareal på 872,2 km² og i kring 21 000 ibuarar. Vel 109 km² av arealet er dekt av vatn, byen er omgjeven av innsjøsystema Saimen og Päijänne.
Iisalmi | |||
by | |||
Jarnbanestasjonen i Iisalmi
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Savo-Karelia | ||
![]() Iisalmi | |||
Wikimedia Commons: Iisalmi | |||
Kyrkja er frå 1627, byen Idensalmi fekk bystatus i 1891. Tre innsjøruter møtest i byen, som også er knutepunkt for Savolaxbana og jarnbanene til Ylivieska og Kontiomäki. Næringslivet omfattar fleire industriar og eksportbedrifter; mellom anna sagbruk, metallindustri og Olvi bryggeri. Fleire museum ligg i byen, mellom dei Arabia si kaffikoppsamling, bryggerimuseum, naturvitskapleg museum, poststempelmuseum, lokalhistorisk museum og Juhani Aho-museet.
KjelderEndra
- Idensalmi i Store norske leksikon