Ikornnes kyrkje
kyrkje i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal
Ikornnes kyrkje, tidlegare Ikornnes kapell, er ei arbeidskyrkje på Ikornnes i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Grunnsteinen til kyrkja vart lagd ned 9. mai 1976 og kyrkja vart vigsla 22. januar 1978. Arkitekt var Alf Apelseth. Kyrkja er bygd i betong og mexistein og har ein frittståande klokkestopul.
Ikornnes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Austre Sunnmøre prosti | ||
Sokn | Ikornnes | ||
Fellesråd | Sykkylven | ||
Arkitekt | Alf Apelseth | ||
Material | Betong og mexistein | ||
Innvigd | 22. januar 1978[1] | ||
Stopul | Ja | ||
Altartavle | Frå 1997 av Anne Brit Kragh | ||
Sitjeplassar | 300 | ||
Ikornnes kyrkje 62°22′56″N 6°33′06″E / 62.382222222222°N 6.5516666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Ikornnes kirke |
Kyrkjerommet har 350 sitjeplassar, i tillegg har kyrkjesota 150 plassar. Inventaret er frå byggeåret eller seinare. Frå starten hadde kyrkja ein kross til altertavle. Han vart bytt ut med ei tavle laga av Anne Brit Kragh i 1997.
Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja. Kyrkjegard for heile kommunen er på Aure.
Kyrkja vart til stor del bygd for innsamla midlar og ved dugnadsinnsats.
Kjelder
endre- «Ikornnes kyrkje» på nettstaden til Sykkylven kommune Arkivert 2007-10-05 ved Wayback Machine.
- Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Ikornnes kapell», s. 299