Iljusjin Il-96 er eit russisk passasjerfly utvikla for mellom- og langdistanseruter. Prototypen flaug fyrste gong 28. september 1988. Flyet vart sertifisert 29. desember 1992 og vart teke i bruk av Aeroflot i 1993 under nemninga Il-96-300. I 1997 vart produksjonen av fraktvarianten Il-96T starta. Dette har eit forlengt skrog og kraftigare motorar. Ein tilsvarande variant for passasjertrafikk har vore under utvikling som Il-96M.

Iljusjim IL-96 frå Cubana

Spesifikasjonar endre

Tekniske data Il-96-300 Il-96T Il-96M
Lengd 55,35 m 63,94 m 64,70 m
Vengespenn 60,11 m 60,11 m 60,11 m
Høgd 17,55 m 15,72 m 15,72 m
Vingeareal 391,60 391,60 m² 391,60 m²
Netto vekt 117 000 kg 132 400 kg 132 400 kg
Maksimal lasta vekt 216 000 kg 270 000 kg 270 000 kg
Motor 4× Solovjev PS-90A turbofan 4× Pratt & Whitney PW2337 turbofan 4× Pratt & Whitney PW2337 turbofan
Ytingar Il-96-300 Il-96T Il-96M
Motoryting 156,9 kN per motor 164,6 kN per motor 164,6 kN per motor
Marsjfart 850 []km/t]] 850 km/t 830 km/t
Rekkjevidd 9 000 km 9 700 km 11 482 km

Kjelder endre