Illuge Bryndølaskald

Illuge Bryndølaskald (norrønt: Illugi Bryndælaskáld) var ein islandsk skald som levde på byrjinga av 1000-talet.

Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Ikkje noko om livet til denne skalden er kjent. Ein gissar på at han har fått tilnamnet sitt fordi han dikta om bryndølane, eller kanskje var han frå Brynjudalur, ei lita grend sør-vest på Island.

Desse dikta av Illuge, er kjende:

Dikt om Harald Hardråde[1]
Lausavise[2]

I Skaldatal[3] er han ført opp som skald hos kong Harald Hardråde (1015-1066), og versa han dikta om denne kongen, handlar ferdene hans austanfor (austrfǫr), i Frankrike (Frakka) og i landa i sør (sunnlǫnd).

Referansar

endre
  1. Dikt om Harald Hardråde (Skaldic Project)
  2. Lausavise (Skaldic Project)
  3. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource

Bakgrunnsstoff

endre