Imandra (russisk Имандра, finsk Imantero) er ein innsjø sørvest på Kolahalvøya i Murmansk oblast i Russland, like nord for polarsirkelen. Han ligg 127 meter over havet, har eit areal på 876 km² og er 67 meter på det djupaste. Breidda av innsjøen er forreven og det er mange øyar i innsjøen. Den største av øyane er Ermøya som er 26 km². Innsjøen er delt inn i tre delar med smale sund mellom, Store Imandra (Большая Имандра) eller Khibinskaja Imandra i nord (areal 328 km², lengd om lag 55 km, breidde 3-5 km), Ekostrovskaja Imandra i midten (areal 351 km²) og Babinskaja Imandra i vest (areal 133 km²). Innsjøen renn ut via elva Niva til Kandalaksjabukta i Kvitsjøen. Innsjøen er kjend for det klåre vatnet og det rike fisket.

Imandra
innsjø
Jeziorko Imandra i Chibiny.JPG
Land Flag of Russia.svg Russland
Utløp Niva
Høgd over havet 127 moh
Areal 876 km²
Største djupn 67 m
Tilfrosen Vinter
Koordinatar 67°40′N 33°00′E
Øyar Ermøya

Imandra
67°40′0″ N 33°0′0″ E
Wikimedia Commons: Lake Imandra

ByarEndra

Byen Montsjegorsk ligg ved vika Montsje Guba i nordvest og er eit senter for vintersport. Om sommaren har mange innbyggjarane her båtar på sjøen, medan det er populært med skigåing på den isdekte innsjøen om vinteren.

Apatity er ein annan liten by på austsida av innsjøen, og Poljarnje Zori ligg ved elva Niva nokre få kilometer nedanfor innsjøen .

KjelderEndra