Opna hovudmenyen

Koordinatar: 63°13′38″ N 8°14′14″ E

Imarsundbrua

Imarsundbrua er ei stålkassebru i Aure kommune i Møre og Romsdal fylke. Brua kryssar Imarsundet mellom Stabblandet og Jørnøya. Ho blei opna 15. januar 2007 av samferdselsministeren, og dermed er det ferjefri veg frå Tømmervåg til kommunesenteret Aure og vidare til Kyrksæterøra og Trondheim. Imarsundbrua er 550 meter lang, med fem spenn, det lengste på 120 meter. Ho er ein del av riksveg 680, og saman med Litjsundbrua erstattar ho ferjestrekninga Aukan–Vinsternes. Ferjeoverfarten tok 15 minutt og ferja gjekk ein gong i timen.

BakgrunnsstoffEndra

Sjå auEndra