Stabblandet
Stabblandet er ei øy i Aure kommune på Nordmøre.
Stabblandet | |
---|---|
Imarsundbruene som fekk Stabblandet og Tustna landfast. Foto: Olve Utne
| |
Geografi | |
Stad | Nordmøre |
Koordinatar | 63°11′19″N 08°14′26″E / 63.18861°N 8.24056°E
|
Areal | 36,62 km²
|
Høgaste punkt | Innerbergsalen (908 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal
|
Demografi | |
Folketal | ca. 100 (2024) |
Folketettleik | ca. 3 /km² |
Topografi
endreStabblandet ligg mellom øya Tustna i vest og øya Ertvågøya i aust. Rett nordom Stabblandet ligg øya Solskjel, og i sør grensar Stabblandet til Vinjefjorden og til Halsa kommune på fastlandet. Det er to fjellkjeder på Stabblandet, den kompakte Innerbergssalen/Stabben langsetter vestsida av øya og fjella Storøra og Litløra som fortset i ein mindre bergrygg langsetter austsida av øya. Mellom desse ligg dalen Soleimsdalen.
Busetjing
endreHovuddelen av befolkninga på Stabblandet bur på den relativt flatlendte nordenden av øya — på gardane Soleim og Nygarden, og særleg i grenda Nordheim lengst i nordaust. Grensande til Solåsundet på vestsida av øya finst grenda Innerberg, og grensande til Imarsundet på austsida av øya finst gardane Ørbogen, Fugelsnes og Aukan. På sørsida av øya ligg garden Fjelnesdalen.
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for øya Tustna (medrekna Solskjelsøya og Jørnøya)
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2024[3] |
---|---|---|---|
182 | 334 | 110 | 111 |
Vegnett
endreDet er brusamband mellom øya Tustna og Stabblandet og mellom Stabblandet og Ertvågsøya via Jørgenøya. Det var tidlegare ferjesamband både til Edøya i Smøla kommune og til Forsnes på Hitra, samt til Vingsnes på Ertvågsøya. Desse ferjesambanda er no neglagde og nytt ferjesamband er oppretta mellom øya Tustna (Sandvika) og Edøya. Det er òg veg langsetter austsida av øya heilt til garden Aukan, og langsetter vestsida av øya forbi Soleimsgardane søretter til Innerberg på Stabblandet. Ein skogsveg går vidare frå Innerberg og endar opp i Fjelnesdalen.
Stabblandet var del av Edøy kommune fram til 1874, så Tustna kommune fram til kommunesamanslåinga med Aure i 2006.
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Tustna herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå