Immatain
Immatain (arabisk إماتين, hebraisk skrift אימאתין) er ein palestinsk landsby i Qalqilya guvernement nordvest på Vestbreidda, kring 17 kilometer sørvest for Nablus.
Immatain | |||
إماتين, אימאתין | |||
kommune | |||
Namneopphav: Amatin s.n.[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Qalqilya guvernement | ||
Koordinatar | 32°11′31″N 35°09′27″E / 32.19194°N 35.15750°E | ||
Areal | 10,0 km² | ||
Folketal | 2 450 (2006) | ||
Folketettleik | 245 / km² | ||
Grunnlagd | 1250 (estimert) | ||
Borgarmeister | Haythem Sameer Sawan | ||
Immatain 32°11′31″N 35°09′27″E / 32.191944444444°N 35.1575°E | |||
Kart som viser Immatain.
| |||
Wikimedia Commons: Immatain |
I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Immatain eit folketal på kring 2 450 innbyggjarar i 2006.[2]
Området kring landsbyen er fylt med oliventre, skogar og blømande vegetasjon. Immatain livnærer seg av jordbruk og støtte frå etterkomarar som bur utanlands. Den nærmaste staden er landsbyen Fara'ata, som ligg ein kilometer unna. Immatain og dei kringliggande landsbyane utgjer Amra-området. Desse landsbyane er: Fara'ata, Jit, Kafr Qaddum, Baqat al-Hatab, Hajja, Jinsafut og al-Fanduq.
Historie
endreDet er funne bysantinsk keramikk i landsbyen.[3] I 1596 var landsbyen oppført i osmanske skattelister som ein del av Matin i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 20 hushaldningar og 1 ungkar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og bikubar.[4]
I The Survey of Western Palestine (1882) vart Immatain skildra som «ein mellomstor landsby i ei åsside, med nokre få oliven.»[5]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Immatain (kalla «Ammatain») eit folketal på 234, all muslimar,[6] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 67 busette hus og eit folketal på 334, igjen alle muslimar.[7] I 1945 var folketalet i Immatin på 440 arabarar, medan det samla landarealet var 7 155 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 967 for plantasjar og irrigert land, 3 067 for korn,[9] medan 32 mål var klassifisert som utbygde område.[10]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Immatain» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Palmer, 1881, s. 178
- ↑ Projected Mid -Year Population Arkivert 2008-02-07 ved Wayback Machine. for Qalqilya guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 800
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 136.
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 162
- ↑ J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, UnderNablus sanjak.
- ↑ 1931 Det britiske mandatet Census s. 62.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 106
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 156