Utøvande kunst eller scenekunst er kunstformer der musikk, dans, drama og liknande blir framført for publikum.[1] Dei er skilde frå biletkunst, som er bruken av ulike materiale til å laga fysiske eller statiske kunstgjenstandar. Utøvande kunst omfattar ei rekkje disiplinar som kan framførast for eit publikum eller for opptak, som teater og ulike typar musikk og dans.

Balletten Svanesjøen framført av Det serbiske nasjonalteateret i 2008.

Ein kan finna døme på teater, musikk, dans, manipulasjon av gjenstandar og andre former for framføring i alle menneskelege kulturar. Musikk og dans går tilbake til førhistorisk tid, medan sirkusevner minst går tilbake til det gamle Egypt. Mange utøvande kunstformer blir utførte profesjonelt. Dei kan gå føre seg i særskilt bygde bygningar, som kulturhus, teaterbygningar og operahus, i friluft på gater, torg og festivalar, og i telt som sirkus.

Framføringar av utøvande kunst er ein type underhaldning. Medan det opphavleg berre kunne gjerast for eit publikum som var til stades ved utføringa, har utviklinga av lyd- og videoopptak det mogleg å også nyta kunsten på avstand og i ettertid.

Utøvarar endre

 
Indisk gotipuadans blir utført av mannlege grupper med utøvarar i kvinneklede.

Artistar som framfører utøvande kunst for publikum blir kalla utøvarar. Nokre døme på desse er skodespelarar, komikarar, dansarar, tryllekunstnarar, sirkusutøvarar, musikarar og songarar. Utøvande kunst blir òg støtta av arbeid innan tilknytte område, som komposisjon, koreografi og sceneteknikk. Ofte endrar utøvande kunstnarar utsjånaden sin, til dømes med kostyme, sminke, scenelys og andre effektar.

Typar endre

 
Estudio sobre el colapso, performance av Rolando López i samarbeid med Carlos López og Lessly Arenas, i Mexico i 2022.

Nokre former for utøvande kunst er dans, musikk, opera, teater og musikalsk teater, magi, illusjon, miming, spoken word, marionettkunst, sirkuskunst, stand-up, improvisasjon og wrestling.

Det finst òg ei særleg kunstform kalla performance der kunstnarar eller hjelparar framfører kunstverk live for publikum.

Teater endre

Teater er den greina av scenerkunst som handlar om å framføra historier framfor publikum, der ein kan bruka ei blanding av tale, gestar, musikk, dans, lyd og effektar. Teater kan ta former som skodespel, musikal, opera, ballett, kabuki, klassisk indisk dans, mummers' plays, improvisasjonsteater, komedie, pantomime, og ukonvensjonelle eller moderne former som postmoderne teater, postdramatisk teater eller performancekunst.

Dans endre

Innan utøvande kunst viser dans generelt til menneskeleg rørsle, typisk rytmisk og til musikk, brukt som ein form for publikumsunderhaldning i ei form for framsyning. Definisjon av kva dans er, er avhengig av sosiale, kulturelle, estetiske, kunstnariske og moralske avgrensingar og varierer frå funksjonelle rørlser (som folkedans) til kodifiserte, virtuose teknikkar som ballett.[2]

Koreografi er kunsten å utforma dans og danseførestillingar, og einkvan som driv med dette blir kalla koreograf.

Musikk endre

Musikk er ei kunstform som kombinerer tone, rytme og dynamikk for å skapa lyd. Ein kan framføra han med ulike instrument og i ulike stilar, og ein kan dela inn musikk i sjangrar som folkemusikk, klassisk, jazz, hiphop, pop, rock osb. Som kunstform kan musikk framstå i live form (gjerne som konsert) eller i opptak, og kan vera planlagd og øvd på eller improvisert.

Historie endre

 
Greske teatermasker.

Vesten endre

Frå 600-talet f.Kr. byrja den klassiske perioden med scenekunst i Hellas, innleidd av tragiske diktarar som Sofokles. Desse diktarane skreiv drama som i nokre tilfelle også omfatta dans (sjå Evripides). I den hellenistiske perioden blei komediar utbreidde.

Mellom 800-talet og 1300-talet var myje utøvande kunst religiøs i natur, med historiske og moralske spel som kyrkja organiserte for å feira festdagar og andre viktige hendingar.

Renessansen endre

På 1500-talet fekk mange former for kunst, medrekna utøvande kunst, ei fornying etter at renessansen byrja i Italia og etterkvart spreidde seg over Europa. Nokre av desse innlemma dans, og Domenico da Piacenza skal fyrst ha brukt ordet ballo (i De Arte Saltandi et Choreas Ducendi) i staden for dansa for sine balletti eller balli. Termen blei til slutt til ballett. Den fyrste sjølvstendige balletten er Ballet Comique de la Reine av Balthasar de Beaujoyeulx frå 1581.

 
Commedia dell'arte-trupp på ei vogn, av Jan Miel, 1640

På midten av 1600-talet commedia dell'arte blitt populært i Europa. Denne teatertradisjonen nytta mellom anna improvisasjon. I England under Elisabet I blei det også innført maskespel eller masque med musikk, dans, forseggjorte kostyme og profesjonelle teaterkompani. Stykka til William Shakespeare frå slutten av 1500-talet utvikla seg frå denne nye typen profesjonelle framføringar.

I 1597 blei den fyrste operaen, Dafne, framført, og gjennom heile 1600-talet blei opera raskt til den fremste underhaldningsforma for aristokratiet i mesteparten av Europa. Deretter spreidde det seg som underhaldning for bybuar av ulike stender.

Innføringa av proscenium som del av teaterscena i Italia på 1600-talet danna grunnlaget for utforminga av teateret som det framleis blir presentert. På omtrent la puritanarane ned forbod mot å opptre i England, og dette førte til at skodespelarkunsten fekk eit avbrot der i 1660. Etter denne tida byrja kvinner å opptre i både franske og engelske drama, der menn og gutar tidlegare hadde hatt kvinneroller. Franskmennene introduserte ein formell danseundervisning på slutten av 1700-talet.

På 1700-talet førte opera buffa til at operasjangeren blei allment populære. Figaros bryllup og Don Giovanni av Mozart er landemerke for opera frå slutten av hundreåret.

Ved inngangen til 1800-taleet innleidde Beethoven og den romantiske rørsla ein ny æra som fyrst førte til grand opéra og deretter til musikalske drama av Giuseppe Verdi og Gesamtkunstwerk (totale kunstverk) i operaer av Richard Wagner.

 
Vatslav Nizjinskij dansar faunen i L'après-midi d'un faune (1912)

Moderne dans blei utvikla seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet som svar på restriksjonane innan tradisjonell ballett. Sergej Djagilev sitt dansekompani Ballets Russes (1909-1929) revolusjonerte ballet og skodespelarkunst generelt i heile Vesten, hovudsakleg gjennom Djagilev si vektlegging på samarbeid, som førte til at koreografar, dansarar, scenedesignerar, komponistar og musikarar kom saman for å revitalisera og revolusjonera ballett.

«Systemet» til Konstantin Stanislavskij revolusjonerte skodespelet i byrjinga av 1900-talet, og har framleis stor innverknad på skodespelarar for scene og film. Både impresjonisme og moderne realisme blei introdusert på scenen i denne perioden.

Med oppfinninga av film på slutten av 1800-talet og framveksten av filmindustrien i Hollywood på byrjinga av 1900-talet, blei film eit dominerande framføringsmedium gjennom heile 1900-talet.

På 1930-talet introduserte Jean Rosenthal det som skulle bli moderne scenelyssetting, og endra naturen til sceneverk medan Broadway-musikalen blei eit fenomen i USA.

Afrikansk utøvande kunst endre

Mange innfødde afrikanske framføringstradisjonar har rot i rituale, forteljing, rørsler og musikk.[3] Framføringar gjekk føre seg i fellesskap med forteljarane og publikum som deltakarar i utrop og svar, ein teknikk karakterisert av at ein vokalist kjem med ein frase som deretter blir gjenteken eller svara på med ein ny frase frå dei andre utøvarane og/eller publikum. Denne tradisjonen har gamle røter i mange afrikanske kulturar.[4]

Nord-Afrika endre

Den eldste dokumenterte teaterhendinga går tilbake til 2000 f.Kr. med dei seremonielle spela i det gamle Egypt. Historia om guden Osiris blei framført årleg på festivalar i heile landet, og markerere det kjende opphavet til eit langt samband mellom teater og religion. Ramesseum-papyrusen, den eldste overlevande illustrerte papyrusen, fortel om framføringa under sedhøgtida og er blitt brukt som bevis på at teatertradisjonen eksisterte før han blei utvikla i det gamle Hellas.[5]

Vest-Afrika endre

Ein griot er ein vestafrikansk munnleg historieforteljar som nyttar forteljing, poesi og musikk til å formidla ættesoge og historiske forteljingar om stammene dei representerer. Ofte spelar dei instrument som kora.[6]

Austlege tradisjonar endre

Vest-Asia endre

Dei mest utbreidde formene for teater i den muslimske verda i mellomalderen var dokketeater (som inkluderte handdokker, skuggespel og marionettar) og pasjonsspel kjende som ta'ziya, der deltakarane synte fram episodar frå muslimsk historie. Særleg synte muslimske skodespelar fram soga om shaheed, eller martyrdommen til Ali sine søner Hasan ibn Ali og Husayn ibn Ali. Sekulære skodespel var kjende som akhraja, og er dokumenterte i adab-litteratur, men var mindre vanlege enn dei andre typane.[7]

 
Valiollah Torabi, iransk naqqāl (forteljar) av Shahnameh.

Iran endre

I Iran finst det ulike underhaldningstradisjonar som naghali eller naqqāli (historieforteljing), ta'zieh, ru-howzi, siah-bazi, parde-khani og mareke giri. Før 1900-talet var forteljing den mest anerkjende forma for underhaldning. Ei form, naghali, blei tradisjonelt utført i kaféar der forteljarane berre framførte delar av ei soge i kvar omgang, slik at klientellet stadig kom tilbake for å høyra meir. Desse sogene bygde på hendingar av historisk eller religiøs betydning, og mange viste til dikt frå den iranske kongeboka, eller Shahnameh. Ofte blei sogene endra på for å passa til stemninga eller humøret til publikum.[8]

India endre

 
Bharatanatyam er ein indisk klassisk dans som oppstod i Tamil Nadu

Natyashastra er ei gammal avhandling om indisk scenekunst, inkludert teater, dans, og musikk, datert til kring 200 f.Kr. til 200 e.Kr. Natyashastra verker å vera det fyrste forsøket på å utvikle teknikken, eller meir kunsten, i drama på ein systematisk måte. Avhandlinga fortel ikkje berre kva som skal portrettast i eit drama, men korleis det skal gjerast. Drama blir omtalt som ei etterlikning av menneske og gjerningane deira (loka-vritti).

Ramayana og Mahabharata kan reknast som dei fyrste kjende skodespela som oppstod i India. Desse eposa gav inspirasjon til dei fyrste indiske dramatikarane og har halde fram med å gjera det. Indiske dramatikar som Bhāsa på 100-talet f.Kr. skreiv drama som var sterkt inspirerte av Ramayana og Mahabharata.

Kalidāsa frå 1. hundreåret f.Kr. er gjerne rekna som den største dramatikken frå India. Tre kjende romantiske spel skrivne av han er Mālavikāgnimitram, Vikramōrvaśīyam og Abhijñānaśākuntala. Sistnemnde var inspirert av ei historie i Mahabharata, og er det best kjende, og er blitt omsett til fleire europeiske språk. Samanlikna med Bhāsa, som bygde mykje på eposa, kan Kālidāsa reknast som ein original dramatikar.

Den neste store indiske dramatikken var Bhavabhuti (kring 600-talet). Han skal at ha skrive dei følgjande tre verka: Malati-Madhava, Mahaviracharita og Uttar Ramacharita. Dei to siste dekker heile Ramayana-eposet. Den mektige indiske keisaren Harsha (606-648) er rekna for å ha skrive tre drama: Komedien Ratnavali, Priyadarsika og det buddhistiske dramaet Nagananda.

Det finst mange former for utøvande kunst frå Sør-India. I Kerala finn ein til dømes koodiyattam, nangyarkoothu, kathakali, chakyar koothu og thirayattam.

Kina endre

 
Handskuggedrama i Kina

Det finst referansar til teaterunderhaldning i Kina så tidleg som 1500 f.Kr. under Shang-dynastiet; dei involverte ofte musikk, klovning og akrobatiske framsyningar.[9]

Tang-dynastiet er blitt kalla «tida med 1000 underhaldningar». I denne perioden danna keisar Xuanzong ein dramaskule, kjend som Pærehagen, for å laga drama som hovudsakleg bygde på musikk.[9]

Under Han-dynastiet oppstod skuggeteater som ei kjend form for teater i Kina.

Under Song-dynastiet var det mange populære skodespel som involverte akrobatikk og musikk. Dei utvikla seg i Yuan-dynastiet til ei meir sofistikert form med ein fire- eller femaktstruktur. Yuan-drama spreidde seg over heile Kina og vidareutvikla seg til mange regionale former. Den best kjende av desse er Beijing-opera, som framleis er populær.

Thailand endre

I Thailand har det vore ei tradisjon sidan mellomalderen å syna fram skodespel baserte på indiske epos. Særleg teaterversionen av det thailandske nasjonaleposet Ramakien, ein versjon av den indiske Ramayana, er framleis populær.

Japan endre

 
Opptreden i Kagoshima

På 1400-talet fanst det små kompani av skodespelarar i Japan som framførte korte, til tider vulgære komediar. Leiaren til eit av desse kompania, Kan'ami (1333-1384), hadde ein son, Zeami Motokiyo (1363-1443), som blei rekna som ein av dei beste barneskodespelarane i Japan. Då kompaniet til Kan'ami hadde ei framføring for den japanske shogunen Ashikaga Yoshimitsu (1358-1408), bad han om at Zeami måtte få ei hoffutdanning for kunsta si.[10] Etter at Zeami etterfølgde faren sin, heldt han fram med å framføra og utvikla stilen sin til det som i dag er no-drama. Med pantomime og vokal akrobatikk har no-stilen blitt ei av dei mest raffinerte formene for teaterutøving i Japan.[11]

Etter ei lang tid med borgarkrig og politisk uro blei Japan sameint og fredeleg under shōgun Tokugawa Ieyasu (1600-1668). Ein veksande kjøpmannsklasse kravde si eiga underhaldning. Den fyrste typen teater som blomstra var ningyō jōruri (vanlegvis kalla bunraku). Grunnleggjaren av og hovudbidragsmannen til ningyō jōruri, Chikamatsu Monzaemon (1653-1725), gjorde teaterforma til ei sann kunstform. Ningyō jōruri er ei svært stilisert form for teater med dokker, i dag omtrent 1/3 av storleiken til ein menneske. Dokkeføraren trener heile livet til å bli ein meister innan kunstforma som kan styra hovudet og høgrearmen til dokka og kan visa andletet sitt under framsyninga. Dei andre dokkeførarane, som styrer dei mindre viktige lemmene til dokka, dekker seg og ansiktet sitt tl i eit svart kostyme, for å understreke at dei er usynlege. Dialogen blir handtert av ein einskildperson, som bruker ulike tonar av røyst og talemanerar til å simulera ulike karakterar. Chikamatsu skreiv tusenvis av drama under si levetid, og ei rekkje av dei blir framleis nytta i dag.

Kabuki byrja kort tid etter bunraku, etter soga av ein skodespelar som heitte Okuni og levde kring slutten av 1500-talet. Det meste av materialet til kabuki kom frå no og bunraku, og dei uregelmessige, danseaktige rørsla stammar òg frå bunraku. Skodespelaren blir trente innan mange ulike felt, som dans, song, pantomime og til og med akrobatikk. Kabuki blei fyrst utført av unge jenter, deretter av unge gutar, og ved slutten av 1500-talet bestod kabuki-kompani berre av menn. Mennene som portretterte kvinner på scenen var spesielt trent til å få fram essensen av ei kvinne i subtile rørsler og gestar.

Historie i Amerika endre

Dei ulike urfolka i Nord-Amerika hadde seremoniell utøvande kunst som kunne omfatta dans, musikk, forteljing, dokketeater, heilage klovnar, tricksterar og gjeveseremoiar kjende som potlatch.[12] Ein del slike seremonielle høve finst framleis, til dømes ved powwowar som fører mange ulike grupper saman og kan omfatta tromming, song og dans.[12]

Historie i Oseania endre

Melanesisk dans syner ofte fram eit kulturelt tema om maskulinitet der leiarskap og særskilde evner er viktige for å bidra til samfunnet.[13] Desse dansane viser gjerne eigenskapane til ein mann som krigar; men dei kan òg syna fram vinsten i å oppmuntra til konfliktløysing eller lækjing.[14] Kostyma til dansarar som speler roller kan omfatta store masker og umenneskelege karaktertrekk som etterliknar mytiske figurar. Musikken kan òg fungere som ei stemme for desse magiske personane.[13]

Kjelder endre

  1. «the-performing-arts noun – Definition, pictures, pronunciation and usage notes | Oxford Advanced Learner's Dictionary at OxfordLearnersDictionaries.com». www.oxfordlearnersdictionaries.com. Arkivert frå originalen 30 July 2022. Henta 19. januar 2021. 
  2. Mackrell, Judith. «Dance». Encyclopædia Britannica. Arkivert frå originalen 24 March 2015. Henta 11 March 2015. 
  3. «African Traditional Theater or Unknown Performances». quasianonima.it (på italiensk). Arkivert frå originalen 25 January 2023. Henta 25. januar 2023. 
  4. Katie. «The Call And Response In African Culture». brightstarmusical.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 25 January 2023. Henta 25. januar 2023. 
  5. Mahmoud Khelefy, Shimaa (16. juni 2022). «The Ramesseum Dramatic Papyri as Evidence of Drama in Ancient Egypt». Minia Journal of Tourism and Hospitality Research MJTHR (på engelsk) 14 (1): 59–74. ISSN 2735-4741. doi:10.21608/mjthr.2022.140016.1039. Arkivert frå originalen 25 January 2023. Henta 25 January 2023. 
  6. «Griot | African troubadour-historian | Britannica». www.britannica.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 7 March 2023. Henta 25. januar 2023. 
  7. Moreh, Shmuel (1986), «Live Theater in Medieval Islam», i David Ayalon; Moshe Sharon, Studies in Islamic History and Civilization, Brill Publishers, s. 565–601, ISBN 978-965-264-014-7 
  8. Talebi, Niloufar (2009). «'Memory of a Phoenix Feather': Iranian Storytelling Traditions and Contemporary Theater». World Literature Today 83 (4): 49–53. doi:10.1353/wlt.2009.0306. 
  9. 9,0 9,1 McConachie, B.; Sorgenfrei, C.F.; Underiner, T.; Nellhaus, T. (2016). Theatre Histories: An Introduction. Taylor & Francis. s. 153. ISBN 978-1-135-04113-7. Arkivert frå originalen 29 June 2023. Henta 29 Jun 2023. 
  10. «the-noh.com : The Words of Zeami : His Dramatic Life». www.the-noh.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 11 March 2022. Henta 19. september 2021. 
  11. Bowers, Faubion (1974). Japanese Theatre. Tuttle. ISBN 978-0-8048-1131-6. OCLC 1211914. 
  12. 12,0 12,1 Stanlake, Christy StanlakeChristy (2005). «Native American performance» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-860174-6. doi:10.1093/acref/9780198601746.001.0001/acref-9780198601746-e-2814. 
  13. 13,0 13,1 «Oceanic music and dance». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Arkivert frå originalen 8 October 2021. Henta 2. oktober 2021. 
  14. Eves, Richard (November 2009). «Material Culture and the Magical Power of Dance Objects». Oceania 79 (3): 250–262. JSTOR 40313179. doi:10.1002/j.1834-4461.2009.tb00063.x.