Imsland

tidlegare kommune i Rogaland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Imsland sokn)

Imsland er eit sokn i Vindafjord kommuneHaugalandet i Rogaland fylke. Det var tidlegare også ein kommune.

Imsland kyrkje

Imsland sokn endre

Soknet femnar om bygdene på nordsida av Vindafjordens austre arm, og har 313 innbyggjarar (2013). Det høyrer til Haugaland prosti.

Imsland kommune endre

Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Imsland ein del av Vikedal kommune, men vart i 1923 frådelt som ein eigen kommune, då med 604 innbyggjarar. I 1965 vart Imsland kommune nedlagd og gjekk inn i den nyoppretta Vindafjord kommune, med unnatak for Finnvik krins på Ropeidhalvøya, som vart overført til Suldal kommune. Han hadde då 433 innbyggjarar, 61 av dei Finnvik krins.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.