In for a Penny
In for a Penny Singel av Slade frå albumet Nobody's Fools | ||
B-side |
Can You Just Imagine | |
---|---|---|
Utgjeve | 14. november 1975[1] | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:34 | |
Selskap | Polydor | |
Låtskrivar(ar) | Noddy Holder, Jim Lea | |
Produsent | Chas Chandler | |
Slade-kronologi | ||
«Thanks for the Memory (Wham Bam Thank You Mam)» (1975) |
In for a Penny | «Let's Call It Quits» (1976)
|
«In for a Penny» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1975 som den første singelen frå det sjette studioalbumet deira Nobody's Fools. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen nådde 11. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i åtte veker.[2]
Songen har den lengste gitarsoloen på ein Slade-singel, framført av gitaristen Dave Hill. Like før den andre gitarsoloen på songen, roper Holder linja «Ee, they got a band», som var ein referanse til ein britisk TV-reklame der ei kvinne feilaktig trur at ein gjeng gangsterar med fiolinkassar er ei musikkgruppe.[3]
B-sida til singelen «Can You Just Imagine» var eksklusiv for singelen og kom seinare ut på samleplata B-Sides i 2007.
Det vart ikkje laga musikkvideo for å marknadsføre songen, men bandet framførte songen på TV-showa Top of the Pops og Supersonic.
Innhald
endre- 7"-singel
- «In For a Penny» - 3:34
- «Can You Just Imagine» - 3:31
Salslister
endreListe (1975) | Plassering |
---|---|
Irish Singles Chart[4] | 12 |
Den svenske singellista[5] | 14 |
UK Singles Chart[6] | 11 |
Medverkande
endre- Slade
- Noddy Holder - solovokal, gitar
- Dave Hill - sologitar, korvokal
- Jim Lea - bass, trekkspel, korvokal
- Don Powell - trommer
- Andre medverkande
- Chas Chandler - produsent
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «In for a Penny» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Slade - In For A Penny / Can You Just Imagine - Polydor - UK - 2058 663». 45cat. Henta 13. desember 2017.
- ↑ «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 13. oktober 2021.
- ↑ Nobody's Fools - Salvo 2007 remaster booklet liner notes
- ↑ «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 30. juni 2006. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ Steffen Hung. «Slade - In For A Penny». swedishcharts.com. Henta 7. oktober 2021.
- ↑ «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 13. oktober 2021.