Indre Arna er ein tettstad i Bergen kommune i Hordaland fylke. Staden ligg på Bergenshalvøya, inst i Arnavågen som er ein sidearm til Sørfjorden. E16 går gjennom staden, og Arna stasjon på Bergensbanen ligg i Indre Arna.

Indre Arna
tettstad
Indre Arna.JPG
Arnavågen med Øyrane Torg i Arna
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Areal 4,44 km²
Folketal 9 753 (2017)
Folketettleik 2 197 / km²
Postnummer 5260 INDRE ARNA

Indre Arna
60°25′0″ N 5°28′0″ E

Indre Arna ligg i Arna bydel.

Samferdsle og næringsdriftEndra

Bergensbanen og bussterminalen gjer Indre Arna til eit knutepunkt. Store verksemder som Toro og Janusfabrikken driv her. Asko Vest arbeider opp eit stort område til eit bygg på 30.000 kvadratmeter i Arnadalen og kommunen planlegg ein større godsterminal i dalen for NSB.