Liaoning er ein provins nordaust i Folkerepublikken Kina. Provinsen omfattar mellom anna Liaodonghalvøya og det fruktbare slettelandet rundt dei nedre delane av elva Liao He. Provinshovudstaden er Shenyang.

Liaoning
provins
Zhongshan Square, Dalian.jpg
Offisielt namn: 辽宁, Liáoníng
Land Flag of the People's Republic of China.svg Kina

Liaoning
41°48′14″ N 123°25′33″ E
Plasseringa av Liaoning i Kina
Plasseringa av Liaoning i Kina
Wikimedia Commons: Liaoning

Liaoning er det mest industrialiserte området i Kina med omfattande felt for kol, råolje og naturgass. Andre næringar er jordbruk (mais, soyabønner og frukt) og fiske.

NamnEndra

 
Namnet «Liaoning» med forenkla kinesisk skrift øvst og tradisjonell skrift nedst.

I moderne tid vart Liaoning-provinsen skipa i 1907 som Fengtian eller Fengtien. I 1929 fekk han namnet Liaoning, og vart også kalla Mukden etter korleis mandsjuane uttalte namnet på Shengjing, det tidlegare namnet på provinshovudstaden Shenyang. Namnet Liáoníng kan tolkast som 'Liao[elva]-fred' eller 'fjern fred'.[1][2]

Provinsen vert også kalla 'det gylne triangelet' etter forma og den strategiske plasseringa si.[3]

Wade–Giles-transkripsjonen er Liao2-ning2.

GeografiEndra

Liaoning kan delast i tre ulike geografiske regionar. I vest er det eit høgland, i midtdelen er det sletter, og i aust åsar. Høglandet i vest er prega Nulu'erhufjella, som grovt sett følgjer grensa mellom Liaoning og Indre Mongolia. Heile området er dominert av låge høgdedrag.

Dei midtre delane av Liaoning består av nedslagsfelta til elvar som Liao (pinyin Liáo Hé), Daliao og sidelevane til desse. Heile området er hovudsak flatt og lågtliggande. Austdelen av Liaoning er dominert av fjellkjedene Changbai Shan og Qianshan, som held fram mot havet over Liaodonghalvøya. Høgste fjelltoppen i Liaoning, 1 336 meter høge Huabozi ligg i dette området.

KlimaEndra

Liaoning har eit kontinentalt klima med monsuntid. Årleg nedbørsmengd ligg i gjennomsnitt på frå 440 til 1 130 mm. Sommaren er regnfull, medan dei andre årstidene er tørre.

DemografiEndra

Befolkninga i Liaoning er i hovudsak hankinesarar. Minoritetsbefolkninga består av mandsjuar, mongolar, huifolk, koreanarar og xibe.

Folkegrupper i Liaoning, folketeljing 2000
Nasjonalitet Folketal Prosentar
hankinesarar 35 105 991 83,94%
mandsjuar 5 385 287 12,88%
mongolar 669 972 1,60%
hui 264 407 0,632%
koreanarar 241 052 0,576%
xibe 132 615 0,317%

NæringslivEndra

Liaoning er ein av dei mest industrialiserte provinsane i Kina. Saman med byar som Beijing og Tianjin er Liaoning med i det økonomiske vekstområdet som ligg ved Bohaibukta og på Liaohesletta. Særleg dei fem byane Shenyang, Anshan, Fushun, Benxi og Liaoyang nyt godt av å vere omfatta av dei statlege investeringane i området.

Jordbruket er mykje mekanisert, samanlikna med resten av Kina. Ein stor del av landbruksproduksjonen finn stad i bynære strok. Dyrking av kornsortar som mais, ris og kveite skjer i hovudsak på den sentrale Liaohesletta. Soyabønner er det tradisjonelle jordbruksproduktet, størstedelen vert avla nord for Shenyang. Dei viktigaste salsprodukta er jordnøtter, solsikker, tobakk, sukkerbetar, grønsaker, frukt og bomull. På sørsida av Liaodonghalvøya og i åsane i vest vert det dyrka mykje frukt, så som eple og pærer. Langs kysten driv ein storstilt fiske og fiskeoppdrett. Dalian har mykje fiskeindustri.

Liaoning har store mineralførekomstar, noko som var viktigaste føresetnaden for at provinsen vart eit senter for tungindustrien i Kina. Provinsen har 1/4 av Kinas jarnmalmreservar og dei største førekomstane av magnesium, dessutan store reservar av kol og råolje frå oljeskifer. Ved Fushun er det store kolfelt. Anshan har det største jarn- og stålverket i heile Kina. I Shenyang smeltar ein kopar, bly og sink. Dashiqiao har den største magnesittgruva i Kina, og Yangjiazhangzi har dei største molybdenreservane. Maskinindustrien er omfattande; Shenyang vert rekna som det fjerde største maskinindustrielle senteret i Kina, etter Beijing, Tianjin og Shanghai. Dyrkinga av bomull og silke er basis for stor tekstilproduksjon. Provinsen er ein av dei største produsentane av kjemiske fibrar og papirprodukt i Kina.

Tungindustrien fekk store vanskar då Kina la om til marknadsøkonomi i 1980- og 1990-åra. Shenyang har, med hjelp frå FN sitt utviklingsprogram (UNDP) og særtiltak frå styresmaktene i Beijing, modernisert næringsstrukturen og utdanningsinstitusjonane. Byen har gjennom desse åtgjerdene atter vorte eit viktig økonomisk senter for Nordaust-Asia.

Samferdsla er velutvikla i forhold til landet elles, mellom anna med eit finmaska nett av jarnbanar. Dalian er ei av dei største utskipingshamnene i Kina og tener heile Nordaust-Kina.

AdministrasjonseiningarEndra

Liaoning er delt inn i 14 einingar på prefekturnivå (2 subprovinsielle byar og 12 byprefektur).

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrativt sentrum Type
 
1 Shenyang 沈阳市 Shěnyáng Shì Shenhe Subprovinsiell by
2 Dalian 大连市 Dàlián Shì Xigang Subprovinsiell by
3 Anshan 鞍山市 Ānshān Shì Tiedong Byprefektur
4 Benxi 本溪市 Běnxī Shì Pingshan Byprefektur
5 Chaoyang 朝阳市 Cháoyáng Shì Shuangta Byprefektur
6 Dandong 丹东市 Dāndōng Shì Zhenxing Byprefektur
7 Fushun 抚顺市 Fǔshùn Shì Shuncheng Byprefektur
8 Fuxin 阜新市 Fùxīn Shì Haizhou Byprefektur
9 Huludao 葫芦岛市 Húludǎo Shì Longgang Byprefektur
10 Jinzhou 锦州市 Jǐnzhōu Shì Taihe Byprefektur
11 Liaoyang 辽阳市 Liáoyáng Shì Baita Byprefektur
12 Panjin 盘锦市 Pánjǐn Shì Xinglongtai Byprefektur
13 Tieling 铁岭市 Tiělǐng Shì Yinzhou Byprefektur
14 Yingkou 营口市 Yíngkǒu shì Zhanqian Byprefektur

Desse 14 einingane på prefekturnivå er delt inn i 100 einingar på fylkesnivå (56 distrikt, 17 byfylke, 19 fylke og 8 sjølvstyrande fylke).

HistorieEndra

 
Den kinesiske muren frå Ming-tida, markert med lilla.
 
Shenyang, the capital of Liaoning Province

Historisk har Liaoning-området vore del av koreanske kongedøme som Gojoseon og Goguryeo, og av kinesiske statsdanningar som Yan og Han-dynastiet. Her budde også folk som ikkje var hankinesarar, som xiongnu, donghu og xianbei. I tillegg har Balhae, Khitan, Jurchen, Mongolriket og Nordlege Yuan styrt over Liaoning.[4][5]

Ming-riket tok makta i Liaoning i 1371,[6] berre tre år etter at mongolane var blitt pressa ut av Beijing.[7]

Tidleg på 1600-talet etablerte mandsjuane hovudstaden sin i Shengjing (dagens Shenyang), men i 1644 flytta dei hovudstaden for Qing-dynastiet til Beijing etter å ha teke byen. Mot slutten av 1600-talet rekrutterte Qing-keisarane ei stor mengde hankinesarar frå Shandong til å slå seg ned i det nokså tynt folkesette Liaoning. Resten av Mandsjuria var stengd for kinesisk innvandring og blei styrt av tre generalar. Generalen av Shengjing styrte store delar av dagens Liaoning.

På 1900-talet blei provinsen Fengtian (kin. 奉天, pinyin Fèngtiān) etablert. Denne tilsvarte nesten noverande Liaoning. Mange av slaga under den russisk-japanske krigen 1904–1905 blei utkjempa i Liaoning, som det viktige Slaget ved Port Arthur og Slaget ved Mukden, det største militære slaget på landjorda gjennom tidene. Under krigsherretida tidleg på 1900-talet var Liaoning styrt av Fengtian-klikken, med leiarane Zhang Zuolin og sonen hans Zhang Xueliang. I 1931 invaderte Japan, og området blei del av deira marionettstat Manchukuo. Den kinesiske borgarkrigen blussa opp etter det japanske nederlaget, og dei første viktige samanstøytane var under Liaoshenkampanjen i og rundt Liaoning.

 
Dalian akvarium.

Folkerepublikken Kina blei grunnlagd i 1949, fanst ikkje Liaoning som ei eining. I staden hadde ein provinsane Liaodong og Liaoxi og byane Shenyang, Luda, Anshan, Fushun og Benxi som administrative einingar. Alle desse blei slått saman til Liaoning i 1954, og delar av den tidlegare provinsen Rehe blei slutta til han i 1955. Under Kulturrevolusjonen blei også delar av den autonome regionen Indre Mongolia tilføydd Liaoning, men dette blei seinare gjort om.

Liaoning var ein av de første kinesiske provinsane til å bli industrialisert. Det skjedde under den japanske okkupasjonen, men blei vidareført i 1950- og 1960-åra. Byen Anshan blei til det største komplekset for jern- og stålindustri i heile Kina.

StyresmakterEndra

Den regionale leiaren i Kinas kommunistparti er Chen Qiufa. Guvernøren er Tang Yijun (2020).[treng kjelde]

KjelderEndra

  1. «Introduction of Liaoning - www.asiavtour.com», www.asiavtour.com, henta 4. februar 2020 
  2. «Chinese Place Name Meanings», www.washburn.edu, henta 4. februar 2020 
  3. «Liaoning Travel Guide: Map, History, Sightseeing, Ethnic Minority, Climate». Henta 14. mars 2010. 
  4. History of Mongolia, Volume II, 2003
  5. 先秦辽阳地区部族问题初探. Arkivert frå originalen 2011-07-07. Henta 16. januar 2011. 
  6. John W. Dardess (2012). Ming China, 1368-1644: A Concise History of a Resilient Empire. Rowman & Littlefield. s. 18–. ISBN 978-1-4422-0490-4. 
  7. Edmonds, Richard Louis (1985). Northern Frontiers of Qing China and Tokugawa Japan: A Comparative Study of Frontier Policy. University of Chicago, Department of Geography; Research Paper No. 213. s. 38–40. ISBN 0-89065-118-3. 

NaboprovinsarEndra