Opna hovudmenyen
Industrial Disease
av Dire Straits
B-side «Solid Rock» (US)
Utgjeve 1982
Sjanger Rock
Lengd 5:48
Selskap Vertigo
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Produsent Mark Knopfler
Dire Straits-kronologi
«Private Investigations»
(1982)
Industrial Disease «Twisting By the Pool»
(1983)


«Industrial Disease» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits skriven av Mark Knopfler. Songen vart gjeven ut på albumet Love over Gold i 1982.

Songen vart gjeven ut som singel i USA og som ei sjeldan B-side til «Private Investigations» på kassett i Storbritannia. B-sida til den amerikanske versjonen av «Industrial Disease» var «Solid Rock» frå det førre albumet til Dire Straits, Making Movies.

TydingEndra

Songen ser på nedgangen i britisk produksjonsindustri tidleg i 1980-åra, og fokuserer på streik, depresjon og dysfunksjonalitet. Til dømes, det absurde i mediadrivne sjukdomar vert lagt ut i et segment av songen som skildrar forteljaren som vitjar eit legekontor for behandling av hans «Industrial Disease».

Referansen til «Brewer's Droop» som ein medisinsk tilstand er ein intern spøk, som syner både til effekten alkohol har på libidoen og til bandet med sasme namn som Mark Knopfler spelte i før han starta Dire Straits.

Two men say they're Jesus, one of them must be wrong

Mark Knopfler (1982)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra