Opna hovudmenyen
Love Over Gold
Studioalbum av Dire Straits
Utgjeve 20. september 1982
Innspelt Power Station i New York, 8. mars - 11. juni 1982
Sjanger Progressiv rock, roots rock, rock
Lengd 40:59
Selskap Vertigo, Warner Bros. (USA)
Produsent Mark Knopfler
Dire Straits-kronologi
Making Movies
(1980)
Love Over Gold ExtendedancEPlay
(1983)
Singlar frå Love Over Gold
  1. «Private Investigations»
    Utgjeve: 23. august 1982
  2. «Industrial Disease»
    Utgjeve: 1983

Love Over Gold er det fjerde studioalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut den 20. september 1982 av Vertigo Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA. Det vart gjeve ut to singlar frå albumet: «Private Investigations», som nådde andreplassen på UK Singles Chart og «Industrial Disease», som nådde niandeplassen på Billboard si Hot Mainstream Rock Tracks-lista i USA. Albumet nådde toppen av albumlista i Australia, Austerrike, Italia, New Zealand, Noreg og Storbritannia, og 19. plassen i USA. Love Over Gold selde til gullplate i USA, platina i Frankrike og Tyskland og dobbel platina i Canada i Storbritannia.

BakgrunnEndra

Etter slutten av On Location-turnéen den 6. juli 1981 i Luxembourg, byrja Mark Knopfler å skrive songar for det neste Dire Straits-albumet. Alan Clark (klaverinstrument) og Hal Lindes (gitar), kom med i bandet for On Location-turneen og vart òg involvert i det nye albumet.

InnspelingEndra

Love Over Gold vart spelt inn i Power Station i New York frå 8. mars til 11. juni 1982. Knopfler produserte albumet, med Neil Dorfsman som lydteknikar—det første i ei lang rekkje samarbeid mellom dei to.

Knopfler brukte fleire gitarar under innspelingane, inkludert fire Schecter Stratocasterar — to raude, ein blå og ein solgul—ein svart Schecter Telecaster, ein Ovation klassisk gitar på «Private Investigations» og «Love Over Gold», ein spesiallaga Erlewine Automatic på «Industrial Disease», og hans National steelgitar frå 1937 på «Telegraph Road».

Fleire songar vart skrivne og spelt inn under Love Over Gold som ikkje kom med på albumet. «Private Dancer» var opphavleg planlagt for albumet og alt utanom vokalsporet vart spelt inn. Knopfler meinte at ei kvinnestemme ville passe betre og gav songen til Tina Turner for comeback-albumet hennar, Private Dancer.[1] «The Way It Always Starts» enda opp som ein song på filmmusikkalbumet til Knopfler for filmen Local Hero, med vokal sungen av Gerry Rafferty. «Badges, Posters, Stickers and T-Shirts» vart teken bort frå albumet og seinare gjeven ut i Storbritannia som B-sida til «Private Investigations». Han vart sidan gjeven ut i USA som det fjerde sporet på ExtendedancEPlay EP.

UtgjevingarEndra

Love Over Gold kom ut 20. september 1982 på vinyl LP og kassett. «Private Investigations» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i Europa. Han nådde andreplassen i Storbritannia. «Industrial Disease» vart gjeven ut som singel i USA og nådde 75. plassen på Billboard Hot 100 i 1983.

Albumet vart remastra og gjeven ut i lag med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 av Vertigo Records internasjonalt og i 2000 av Warner Bros. i USA. Den remastra CDen hadde eit litt anna plateomslag, med albumtittelen under bandnamnet, begge i litt støre font, i staden for arrangert over toppen av omslaget. Bilete av lynet er noko zooma inn og gjort lysare, slik at det vert meir rosa. Det er det einaste av dei remastra platene til Dire Straits som har eit endra omslag.

PlatemeldingarEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [2]
Robert ChristgauC+ [3]
Rolling Stone      [4]

I meldinga si for AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet fire av fem stjerner, og skreiv at med ein ny rytmegitarist «utvida lydbiletet og ambisjonane».[2] Erlewine la til «Sidan Mark Knopfler er ein dugande, smakfull gitarist, held han på interessa sjølv på dei slappe strekka, men dei lange, atmosfæriske instrumentalpartia er ikkje like effektive som den tighte blueserocken til gruppa, og gjer at Love Over Gold berre er passe engasjerande å lytte til».[2]

I meldinga si for Rolling Stone gav David Fricke albumet fire av fem stjerner og kalla albumet eit «uttalt føremål» og «ei ambisiøs, noko vanskeleg plate som er spanande i sin suksess og, i det minste, fascinerande i nytinga si».[4] Fricke sa vidare:

« To drastisk forskjellige stemningar dominerer det nye albumet. Eine er skarp og heftig (som lynet på omslaget); den andre er dempa og forførande. Denne todelinga kjem særleg fram på «Private Investigations», ein lang, uortodoks ballade, der Knopfler spelar ein privatdetektiv herda av eit liv gjennom andre folk sitt skittentøy. Over ein diskret synthesizer, gurglande marimba og ein delikat, plukka akustisk gitar, brummar han inn i eit whiskeyglas som Bob Dylan i ein ytterfrakk: «You get to meet all sorts in this line of work Treachery and treason There's always an excuse for it», resiterer han i ein skurrande nikotin-knurrande stemme. John Illsley spelar så ei roleg åtvaring på den forfølgjande bassslinja, før songen bryt ut i dramatiske utbrot av gitar-eld og eit tragisk-aktig piano. Denne vrakande schizophrenien mellom hjartet og det hjartelause, det kjærlege og smerta, har alltid informert songane og arrangementa til Knopfler. Love Over Gold finn Knopfler i eit forsøk på å gå lenger enn tidlegare i måtar å artikulere frustrasjonane som fargar dei romantiske hinta hans.[4] »

Fricke hylla hovudverket på albumet, «Telegraph Road», som han skildra som ei «utfordring for den vanlege popfansen si merksemdsvidde» med sine «historiske sveip og intime spaning».[4] Temaet om å byggje Amerika og knusinga av draumane til ein mann «gjer at Knopfler kan nytte fleire overraskande instrumentale stemmer, frå den synthesizer-fløyta i soloppgangen i byrjinga til barokkmotivet på pianoet i midten».[4] Fricke konkluderte med at «i ei tid då det meste av popmusikken vert reint oppfatta som eit produkt, vågar Love Over Gold å setje kunst føre speletid».[4]

I 1986 hadde Love Over Gold selde 4,4 millionar eksemplar i Europa, medan det samstundes berre hadde seld til gullplate i USA.[5]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler[6]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Telegraph Road»   14:20
2. «Private Investigations»   6:47
Side to
# Tittel Lengd
3. «Industrial Disease»   5:50
4. «Love Over Gold»   6:18
5. «It Never Rains»   8:00
41:15

MedverkandeEndra

Dire Straits
Andre musikarar
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Neil Dorfsman – lydteknikar
  • Barry Bongiovi – assisterande lydteknikar
  • Bob Ludwig – mastering
  • Michae Rowe – plateomslag
  • Alan Lobel – fotografi
  • Peter Cunningham – fotografi[7]

Lister og salstroféEndra

AlbumEndra

Love Over Gold låg 200 veker inne på UK Album Chart.[8] I Australia var albumet det 12. bestseljadne albumet i 1982, og det sjettebestseljande i 1983. I Noreg låg albumet 19 veker på Topp 40.

Liste (1982–83) Plassering
Australia 1
Austerrike 1
Italia 1
New Zealand 1
Noreg 1
Sverige 2
UK Album Chart 1
US Billboard 200 19

SinglarEndra

År Song Plassering
US Hot 100 US Rock Australia Italia Sverige UK
1982 «Private Investigations» 19 28 4 2
«Industrial Disease» 9
1983 75

SalstroféEndra

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Sølv 27 September 1982
BPI – UK Gull[9] 27. september 1982
CRIA – Canada Gull 1. november 1982
CRIA – Canada Platina 1. november 1982
BPI – UK Platina[9] 15. november 1982
IFPI – Tyskland Gull 1982
SNEP – Frankrike Platina 1984
BPI – UK Dobbel platina[9] 5 August 1985
CRIA – Canada Dobbel platina 12. november 1985
RIAA – USA Gull[5] 1. april 1986
IFPI – Tyskland Platina 1987
IFPI – Finland Platina 1982

KjelderEndra

  1. Official Community of Mark Knopfler Henta 20. oktober 2014
  2. 2,0 2,1 2,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Love Over Gold». AllMusic. Henta 19. oktober 2014. 
  3. Christgau, Robert (2011). «Dire Straits». Robert Christgau. Henta 15. september 2014. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Fricke, David (11 November 1982). «Dire Straits: Love Over Gold». Rolling Stone. Henta 19. oktober 2014. 
  5. 5,0 5,1 «Love Over Gold RIAA gold certification». www.riaa.com. 
  6. «Love Over Gold». Discogs. Henta 19. oktober 2014. 
  7. Love Over Gold (booklet). Dire Straits. Burbank, California: Warner Bros. Records. 1982. s. 2, 11. 947772-2. 
  8. «Love Over Gold». Chart Stats. 22 June 1996. Arkivert frå originalen 22. juli 2012. Henta 19. januar 2012. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «Love Over Gold UK-BPI certifications». www.bpi.co.uk. 

BakgrunnsstoffEndra