Making Movies

studioalbum av Dire Straits
Making Movies
Studioalbum av Dire Straits
Språk engelsk
Utgjeve 17. oktober 1980
Innspelt Power Station, New York,
20. juni til 25. august 1980
Sjanger Roots rock
Lengd 37:39
Selskap Vertigo,
Warner Bros. (USA),
Mercury (Canada)
Produsent Jimmy Iovine,
Mark Knopfler
Dire Straits-kronologi 
Communiqué
(1979)
Making Movies Love over Gold
(1982)


Making Movies er det tredje studioalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits. Det kom ut 17. oktober 1980 på Vertigo Records internasjonalt og på Warner Bros. Records i USA. «Romeo and Juliet» vart gjeven ut som singel frå albumet og nådde åttandeplassen på UK Singles Chart, den britiske singellista. Albumet nådde førsteplassen i Italia og Noreg, 19. plassen i USA og fjerdeplassen i Storbritannia. Making Movies selde til platina i USA, og dobbel-platina i Storbritannia.

Bakgrunn endre

Etter Communiqué-turneen var over 21. desember 1979 i London, brukte Mark Knopfler første halvdelen av 1980 til å skrive songar for det neste albumet til Dire Straits. Han kontakta Jimmy Iovine etter å ha høyrt produksjonen hans på songen «Because the Night» av Patti Smith—ein song ho hadde skrive i lag med Bruce Springsteen. Iovine, som òg hadde arbeidd med Springsteen på Born to Run og Darkness on the Edge of Town, henta inn klaverspelaren Roy Bittan frå E Street Band for innspelinga av Making Movies. Utan Bittan hadde det ikkje vore mogeleg å oppnå «den filmaktige krafta og dei stemningsskapande landskapa».[1]

Recording endre

Making Movies vart spelt inn i Power Station i New York frå 20. juni til 25. august 1980. Jimmy Iovine og Mark Knopfler prpoduserte albumet.

David Knopfler forlét Dire Straits i august 1980 under innspelinga av albumet. Gitararbeidet hans for albumet var nesten ferdig, men vart spelt inn på ny av broren. David er med på videoar av «Solid Rock» og «Les Boys» på konsertar med bandet, men desse konsertane vart haldne før innspelinga.

Fire innspelingar vart ikkje nytta på albumet: «Making Movies», «Suicide Towers», «Twisting by the Pool» og «Sucker for Punishment». «Making Movies» og «Suicide Towers» finst på piratkopialbum. «Twisting by the Pool» vart gjeve ut på EP-plata ExtendedancEPlay den 10. januar 1983. Tittelen på albumet er henta frå den unytta songen, men er òg ei linje frå songen «Skateaway».

Utgjeving endre

Making Movies kom ut 17. oktober 1980 på LP og kassett. Den originale CD-versjonen kom ut i 1984. Albumet vart mastra og gjeve ut på CD i lag med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 internasjoanlt og i 2000 i USA.[2]

Platemeldingar endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [3]
Robert ChristgauC+[4]
Rolling Stone     [5]

I meldinga si for AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet fire og ei halv av fem stjerner, og skreiv at Making Movies «er av det beste bandet laga».[3]

I meldinga si for Rolling Stone gav David Fricke albumet fire av fem stjerner og skreiv:

« Making Movies er plata der Mark Knopfler kjem ut frå bakom inspirasjonskjeldene sine og Dire Straits kjem ut frå bak Mark Knopfler. Kombinasjonen av stjerna sine tekstar, den intense vokalen og den nyskapande rock & roll-stilen tar pusten frå ein - alt dei to første albuma burde ha vore, men ikkje var. Om Making Movies var ein film, ville han ha vunne mange Oscarprisar.[5] »

Rolling Stone rangerte Making Movies på 52. plass på lista si over dei 100 beste albuma frå 1980-åra.[1] Albumet var det mestseljande albumet i Italia i 1981 med ein million selde eksemplar, og i Europa totalt 3,8 millionar eksemplar.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde.

Side 1
Nr.TittelLengd
1.«Tunnel of Love» (Utdrag frå «The Carousel Waltz» av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II)8:11
2.«Romeo and Juliet»6:00
3.«Skateaway»6:40
Total lengd:37:39
Side 2
Nr.TittelLengd
4.«Expresso Love»5:12
5.«Hand in Hand»4:48
6.«Solid Rock»3:19
7.«Les Boys»4:07

Medverkande endre

Dire Straits
Andre musikarar
Produksjon
  • Jimmy Iovine – produsent
  • Mark Knopfler – produsent
  • Shelly Yakus – lydteknikar
  • Jeff Hendrickson – assisterande lydteknikar
  • Jon Mathias – assisterande lydteknikar
  • Greg Calbi – mastering
  • Neil Terk – plateomslag
  • Brian Griffin – fotografi
  • Bob Ludwig – remastering[7]

Lister og salstrofé endre

Album endre

Albumet låg i alt 252 veker inne på UK Album Chart.[8] I Australia var Making Movies det femte bestseljande albumet i 1981.

Liste (1980–81) Plassering
Australia 6
Austerrike 15
Italia 1
Noreg 1
Sverige 4
UK Album Chart 4
US Billboard 200 19

Singlar endre

År Song Hot 100 Hot Rock Tracks UK
1981 «Romeo and Juliet» 8
1981 «Expresso Love" 39
1981 «Skateaway" 58 37
1981 «Tunnel of Love» 54
1981 «Solid Rock" 56

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal

Finland (Musiikkituottajat)[9]

diamond 53 858
Frankrike (SNEP) gull (1981)
Tyskland (BVMI) gull (1981)
Storbritannia (BPI) 2× platina (5. august 1985)
USA (RIAA) platina (30. juli 2001)

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «100 Best Album of the Eighties: 52: Making Movies». Rolling Stone. 5 February 1980. Henta 19. oktober 2014. 
  2. «Making Movies». Discogs. Henta 19. oktober 2014. 
  3. 3,0 3,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Making Movies». AllMusic. Henta 19. oktober 2014. 
  4. Christgau, Robert. «Dire Straits». Robert Christgau. Henta 19. oktober 2014. 
  5. 5,0 5,1 Fricke, David (5 February 1980). «Dire Straits: Making Movies». Rolling Stone. Henta 19. oktober 2014. 
  6. «Sid McGinnis». AllMusic. Henta 19. oktober 2014. 
  7. Making Movies (booklet). Dire Straits. Burbank, California: Warner Bros. Records. 1980. s. 2–4, 11. 947771-2. 
  8. «Making Movies». Chart Stats. Arkivert frå originalen 19. januar 2013. Henta 19. oktober 2014. 
  9. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:

Bakgrunnsstoff endre

Making MoviesMark Knopfler si offisielle nettside


Føregangar
Norske jenter
The Kids
Toppen av VG-lista
Dire Straits

2 veker, veke 45–46, 1980
Etterfylgjar
Super Trouper
ABBA