Inga Ravna Eira
Inga Ravna Eira (fødd 30. mai 1948) er ein norsk samisk forfattar, omsetjar, lærar og forlagskonsulent. Ho skriv på nordsamisk.
Inga Ravna Eira | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. mai 1948 (76 år) Karasjok kommune |
Yrke | forfattar, lyrikar |
Inga Ravna Eira på Commons |
Eira har skrive lyrikk, noveller og barnebøker. Ho har også arbeidd med performance-førestillingar i lag med andre kunstnarar. Dette har mellom anna ført fram til forteljinga Gilši – Skilful, som kom ut på CD i 2012, om kvinnene sin situasjon i reindrift.
Under kulturuka i Karasjok fekk Eira «årets kulturpris» i 2006.[1] Ho er med i Samisk forfatterforening, som ho også har leia,[2] og har særleg vore engasjert i arbeidet for samisk språk og for det samiske i skulen.
Diktsamlinga hennar Ii dát leat dat eana («Dette er ikke den jorda», 2018) har form av ein monolog der morgudinna Uksáhkká taler til menneske i notida om naturvern. Boka blei nominert til Nordisk råds litteraturpris.[3]
Bibliografi
endre- Guovdageainno mánát mainnastit, redaktør, barnebok (1979)
- Savdnjiluvvon nagir, antologi med lyrikk av tre samiske forfattarar, illustrert av Aage Gaup (1989)[4]
- Mellet, barnebok (1992) illustrert av Iver Jåks[5]; omsett til norsk av Inger Seierstad[6]
- Sámi dáiddárleksikona/Samisk kunstnerleksikon (1994). Redaktør: Synnøve Persen. Omsett til samisk av Inga Ravna Eira, illustrert av Johan Turi[7]
- Lieđážan, lyrikk, Davvi Girji (1997) illustrert av Maj-Lis Skaltje[8]
- Eadni ganjaldii mu fuolppuid, lyrikk, Davvi Girji (2009)
- På norsk: Mor gråt over mine skjørt, Davvi Girji (2011)
- Jidnes skálkošeapmi, lyrikk for barn og ungdom, Davvi Girji (2014)
- Ii dát leat dat eana, lyrikk, Davvi Girji (2018)
- På norsk: Dette er ikke den jorda, Davvi Girji (2019)
Kjelder
endre- ↑ «Årets kulturpris til Inga Ravna Eira», iFinnmark 20. november 2006
- ↑ Eira, Inga Ravna; Jåks, Iver (illustratør); Seierstad, Inger (omsetjar) (1992). Mellet. Davvi Girji. s. Baksiden. ISBN 8273741672.
- ↑ Inga Ravna Eira Nordisk råds litteraturpris
- ↑ Vars, Elle Márjá; Nilsen, Kaia; Eira, Inga Ravna (1989). Savdnjiluvvon nagir. Davvi Media. ISBN 8273740757.
- ↑ Eira, Inga Ravna; Jåks, Iver (illustratør) (1992). Mellet (på nordsamisk). Davvi girji. ISBN 8273741273.
- ↑ Eira, Inga Ravna; Jåks, Iver (illustratør); Seierstad, Inger (omsetja) (1992). Mellet. Davvi Girji. ISBN 8273741672.
- ↑ Eira, Inga Ravna (omsetjar); Persen, Synnøve (redaktør); Turi, Johan (illustratør) (1994). Sámi dáiddárleksikona/Samisk kunstnerleksikon. Sámi dáiddaguovddáš/Samisk kunstnersenter. ISBN 8291484007.
- ↑ Eira, Inga Ravna; Skaltje, Maj-Lis (illustratør) (1997). Lieđážan. Davvi girji. ISBN 8273743640.
- Denne artikkelen bygger på «Inga Ravna Eira» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2019.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: