Ingeborg Flood
Ingeborg Boyine Flood (8. mai 1901–3. oktober 1963) var ein norsk forfattar, lyrikar og slektsforskar, kjend for ein allsidig og produktiv forfattarskap.
Ingeborg Flood | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. mai 1901 Bærum kommune |
Død |
3. oktober 1963 (62 år) |
Yrke | genealog, lyrikar |
Familie og ekteskap
endreIngeborg Flood var dotter av tollkontrolløren og forfattaren Just Wright Flood (1850–1936) frå slekta Flood og Stine Marie Olsen Mostad (1856–1922). Ho vart gift 18. mars 1939 gift med reiseføraren Herman Hoë Brodtkorb (1878-1946). Ho vart gift for andre gong 23. januar 1948 med arkitekten Finn Fauchald Narum (f. 1890).
Liv og virke
endreSjølv om Flood ikkje hadde noka utdanning ut over gymnaset, hadde ho ei betydeleg intellektuell verksemd gjennom fleire tiår. Ho utmerka seg først som lyrikar, med debuten Nattevakt i 1929, og fire diktsamlingar til i løpet av 1930-åra. Den siste diktsamlinga hennar, Godt å være to, vart utgjeven i 1945. Sistnemnde vert rekna saman med Hverdagens under frå 1932 som den beste diktsamlinga hennar.[treng kjelde]
Mot slutten av 1930-åra byrja Flood ein løpebane som slektsforskar, med utgjevinga av boka Slekta Paulsen (Sorknes-slekten). Dette vart den første i ei lang rekkje personalhistoriske og genealogiske utgjevingar. Blant dei siste bøkene hennar i denne sjangeren var den slektshistoriske skildringa av hennar eigen familie, i Skiensfamilien Flood (1959). Ho var medarbeidar i fleire slektshistoriske publikasjonar og virka som redaktør for Norsk slektskalender.
Rundt 1950 la ho ein ny type utgjevingar til virket sitt, gjennom bøker beståande av skisser som bygde på gamle rettsdokument, blant anna med I kro og strede: kulturhistoriske skisser fra gamle tingbøker (1951) og Fra Nattmannshaugen til Hovedtangen: skisser fra gamle rettsdokumenter (1952). Ho dokumenterte òg lokalhistoria på Lysaker og Ullern. Ho var dessutan hovudredaktør for verket Norges Apotek og deres innehavere, der ho sjølv skreiv bind 3-6.
Flood var i 1948–51 styremedlem i Kunstnerforeningen, som i 1950 heidra henne med riddarkrossen av Purpurneseordenen.
Bibliografi
endreDiktsamlingar
endre- 1929: Nattevakt, dikt, Some & Co:s Forlag, Oslo
- 1930: Demring, dikt, Some & Co:s Forlag, Oslo
- 1932: Hverdagens under, dikt, Some & Co:s Forlag, Oslo
- 1934: Nattens brev, dikt, Aschehoug, Oslo
- 1937: Ja!, dikt, Aschehoug, Oslo
- 1945: Godt å være to, dikt, Aschehoug, Oslo
Genealogisk og personalhistorisk litteratur
endre- 1937: Slekten Paulsen (Sorknes-slekten)
- 1938: Slektsoptegnelser: Boberg-familien (manuskript)
- 1938: Slekten Skar, Skard
- 1943: Liten håndbok i ættegranskning, Dreyer, Oslo
- 1944: Gjedde: stamtavle over den gamle adelige slekt, Cammermeyer, Oslo
- 1947: Presteslekten Lund fra Stod, på grunnlag av Aagaat Daaes stamtavle fra 1918
- 1949: Norsk slektskalender, bd. 1
- 1953: Christiania-slekten Bugge
- 1953: Slekten Robertson
- 1953–59: Norges Apotek og deres innehavere, bd. 3–6
- 1957: Rygge, bd. 1 Gårder og slekter, Rygge
- 1959: Skiensfamilien Flood, Larvik, 2. utg. 1961
- 1961: Slekten Steenstrup, Oslo
Kulturhistoriske arbeid
endre- 1949: Kanaljer og godtfolk, Aschehoug, Oslo
- 1951: I kro og strede: kulturhistoriske skisser fra gamle tingbøker, Gyldendal, Oslo
- 1951: Lysaker vel 1901-1951
- 1952: Fra Nattmannshaugen til Hovedtangen: skisser fra gamle rettsdokumenter, Gyldendal, Oslo
- 1963: Ullernåsen (sm.m. Sverre M. Halbo), Oslo
Andre utgjevingar
endre- 1943: Sommer på landet, biletbok med tekst av Ingeborg Flood
Legat og stipend
endre- Schäffers legat 1933, 1936 og 1938
- Statens forfatterstipend 1940
- Houens legat 1943
- Henrichsens reisestipend 1945
- DNFs reisestipend 1946[1]
Kjelder
endre- ↑ Hvem skrev hva i de siste 25 år. Schibsted. 1950. s. 295.
- Denne artikkelen bygger på «Ingeborg Flood» frå Wikipedia på bokmål, den 15. november 2021.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Dette skrev kvinner. Skolen. 1984. s. 68ff. ISBN 8257900109.
Bakgrunnsstoff
endre- Ingeborg Flood i Norsk biografisk leksikon