Ingenmannsland av Per Müller og Per Asplin

«Ingenmannsland»
Singel av Per Müller og Per Asplin
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1968
Låtskrivar(ar) Tor Hultin og Ola B. Johannessen

«Ingenmannsland» er ein song av Per Müller og Per Apslin frå 1968. Songen er skriven av Tor Hultin og Ola B. Johannessen.[1]

«Ingenmannsland» deltok i Melodi Grand Prix 1968, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1968 i London i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Per Müller med eit lite orkester, og så på nytt av Per Asplin med eit stort orkester. Bidraget enda på femte- og sisteplass med to poeng; eitt frå Ålesund og eitt frå Stavanger.[2][3]

Fotnotar

endre
  1. «MGP 1968» (på norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014. 
  2. «Norway 1968» (på engelsk). esc-history.com. Henta 27. juni 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1968» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 27. juni 2014.