Inger-Lise Skarstein

norsk politikar

Inger-Lise Skarstein (fødd Haug6. juli 1937 i Oslo) er ein norsk politikar for Høgre. Ho vart innvald på Stortinget frå Hordaland i 1977. Ho er òg kjent for å ha vore kanalvert i NRK. I 1959 vart ho den første kanalverten i NRK TV, og var blant anna hallodame (TV-vertinne) den første kvelden NRK sende offisielle sendingar 20. august 1960.[1] Ho var i nærare sju år styreleiar i stiftelsen Norsk Kulturarv.[2] Skarstein var medlem av fylkestinget i Hordaland 1975-1979. Ho har hatt ei rekkje andre verv, blant anna som leiar av Byggeskikkutvalet til Staten, styremedlem i landsstyret for Noregs Naturvernsforbund og styremedlem i Fortidsminnesamskipnaden sin hovedstyre. I 1998 vart ho tildelt Kongen sin fortenstemedalje i gull for innsatsen sin for friluftsliv, naturvern og kultur gjennom engasjementet sitt i frivillige organisasjonar og i politisk arbeid.[3]

Inger-Lise Skarstein
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. juli 1937 (86 år)
Oslo
Yrke politikar, speaker
Politisk parti Høgre
Ektefelle Jakob Skarstein

Inger-Lise Skarstein er gift med kringkastingsmannen Jakob Skarstein.

Stortinget sitt presidentskap endre

  • 8. oktober 1981–30. september 1985 - Første varapresident i Odelstinget

Stortingskomitéer endre

Kjelder endre

  1. Norges første kjendis av Unn Conradi Andersen, Dagbladet.no 18. mars 1999
  2. Styret, Norsk Kulturarv, besøkt 16. desember 2009.
  3. Bergens Tidende, 28. november 1998.

Bakgrunnsstoff endre