Inger-Marie Haaland

Inger-Marie Haaland (fødd 1961) er ein norsk hundekøyrar. Ho vann Finnmarksløpet i 2009 som fyrste kvinne.[1] I Finnmarksløpet 2012 tok ho sitt andre gull,[2][3] og dimed noregsmeisterskapen i langdistanse hundekøyring. Før ho var det berre Sven Engholm som hadde klårt å ta to gull på to startar. Haaland har løyperekorden i Finnmarksløpet. Haaland har også to fjerdeplassar i Femundløpet Femund 600. I 2010 kom ho på andreplass i Femundløpet.[4]

Inger-Marie Haaland


Statsborgarskap Noreg
Fødd 1961 (63 år)
Idrett sledehundkjøring

Haaland var tidlegare marknadsjef i De norske Bokklubbene og dagleg leiar i Bokklubben Villmarksliv fram til 2003. I 2005 kjøpte ho Fagerheim Fjellstugu på Hardangervidda, ein stad ho eigde og dreiv fram til 2015. Haaland har eigd og drive aktivitetsgarden Farmen Fløtterud, som ligg ca. ein time nord for Kongsberg. Haaland er medlem av trekkhundklubben Hallingen Hundekjøyrarlag.[5]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Inger-Marie Haaland