Inger Lise Hansen

norsk politikar

Inger Lise Hansen (fødd 1. september 1981) er ein norsk Kristeleg Folkeparti-politikar. Ho var KrF sin fyrstekandidat i Vestfold ved Stortingsvalet i 2009.

Inger Lise Hansen
Inger Lise Hansen (crop).JPG
Fødd1. september 1981 (40 år)
Åsgårdstrand
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
EktefelleDavid Hansen
VervKrFU-leiar 2005–2007
FøregangarPer Steinar Osmundnes
EtterfylgjarKjell Ingolf Ropstad
Verv2. nestleiar i KrF 2007–2011
EtterfylgjarBjørg Tysdal Moe

Hansen var leiar av Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) 2005-07, og blei vald til 2. nestleiar i KrF på partiet sitt landsmøte i april 2007. Ho blei attvald i 2009.

Hansen er gift med tidlegare leiar i KrFU, David Hansen. Inger Lise Hansen er opphavleg frå Åsgårdstrand i Vestfold. Ho har ein Bachelor i internasjonale studium frå Universitetet i Oslo, og utviklingsstudium frå Høgskolen i Oslo.

BakgrunnsstoffEndra