Opna hovudmenyen

Kristeleg Folkeparti

norsk kristlegdemokratisk politisk parti
(Omdirigert frå KrF)

Kristeleg Folkeparti (KrF) er eit norsk politisk parti skipa i 1933.

Kristeleg Folkeparti
Kristelig Folkeparti Logo.svg
IdeologiKristendemokrati
Oppretta1933
Farge         
PartileiarKjell Ingolf Ropstad
UngdomsorganisasjonKristeleg Folkepartis
Ungdom
PartiavisFolkets Framtid
Internasjonal tilknytingDen kristeleg-
demokratiske
internasjonale
Europeisk tilknytingDet europeiske
folkepartiet
Ordførarar
17 / 428
Kommunestyre-
representantar
623 / 10 620
Fylkestings-
representantar
46 / 777
Stortings-
representantar
8 / 169
Medlemstal27 122
Nettstadkrf.no

Partiet sat i regjering frå 1997 til 2000 i regjeringa Bondevik I (med Senterpartiet og Venstre) og frå 2001 til 2005 i Regjeringa Bondevik II saman med partia Høgre og Venstre. Statsministeren Kjell Magne Bondevik var frå KrF.

Knut Arild Hareide var partileiar frå 2011 til 2019.

Partiet har ein eigen ungdomsorganisasjon som heiter Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU).

HistorieEndra

Kristeleg Folkeparti vart fyrst skipa i Hordaland fylke. Mange, særleg i partiet Venstre såg med uro på at det vart lagt mindre og mindre vekt på kristne verdiar. Den 4. september 1933 vart avgjerda teken om å skipa eit nytt parti. Det nye partiet fekk gjennomslag allereie ved valet til Stortinget i 1933. Bibelskulestyrar Nils Lavik vart fyrste stortingsrepresentanten til Kristeleg Folkeparti.

Ved valet i 1945 kom det store gjennombrotet til Kristeleg Folkeparti. Partiet stod utan eige organisasjonsapparat sentralt og lokalt, utan partiavis og med berre nokre få røynde politikarar. Kristeleg Folkeparti fekk likevel 117 000 røyster eller knappe 8 % av røystene. Det gav partiet åtte stortingsrepresentantar. Resultatet var ei stor overrasking. Partiet steig fram som eit verkeleg landsdekkjande parti.

Knut Arild Hareide var partileiar frå 2011 til 2019, og gjekk av som følgje av at partiet, etter eit ekstraordinært landsmøte, bestemte at partiet skulle søkje å bli ein del av Solberg-regjeringa. Hareide sjølv rådde partiet og landsmøtet til å søkja regjeringsmakt med Senterpartiet og Arbeidarpartiet.[1] Nestleiar Olaug Bollestad sat som konstituert leiar fram til landsmøtet i april 2019, då Kjell Ingolf Ropstad vart vald til leiar i KrF.[2]

Stortingsval 1933-2013Endra

 
Oppslutninga om Kristeleg Folkeparti i dei ulike fylka ved stortingsvalet 2005
Årstal Prosent av røystene Stortingsrepresentantar
1933 0,8 % 1
1936 1,3 % 2
1945 7,9 % 8
1949 8,5 %¹ 9
1953 10,5 % 14
1957 10,2 % 12
1961 9,6 %¹ 15
1965 8,1 %¹ 13
1969 9,4 %¹ 14
1973 12,2 %¹ 20
1977 12,4 %¹ 22
1981 9,4 %¹ 15
1985 8,3 % 16
1989 8,5 % 14
1993 7,9 % 13
1997 13,7 % 25
2001 12,4 % 22
2005 6,8 % 11
2009 5,5 % 10
2013 5,6 % 10
2017 4,2 % 8

¹ Ved desse vala stilte Kristeleg Folkeparti felleslister med eitt eller fleire av partia Det Nye Folkepartiet/Det Liberale Folkepartiet, Høgre, Senterpartiet eller Venstre, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.

KjelderEndra

  1. Norum, Hallvard (17. januar 2019), «Hareide går av som partileder», NRK (på bokmål), henta 29. januar 2019 
  2. Gilbrant, Jørgen (27. april 2019), «Kjell Ingolf Ropstad ny KrF-leder», Dagbladet.no (på norsk), henta 11. mai 2019 

BakgrunnsstoffEndra

LitteraturEndra

  • Olav Garvik (red): Kristelig folkeparti; mellom tro og makt, Oslo 1983. ISBN 82-02-09071-7
  • Odd Jostein Sæter (red.): Kristelig folkepartis historie 1933-1983; samling om verdier, Oslo 1985. ISBN 82-991256-1-8
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.