Inger Waage (19231995) var ein norsk kunsthandverkar, keramikar og formgjevar som er særleg kjend for arbeidet sitt på Stavangerflint.

Inger Waage
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. februar 1923
Stavanger kommune
Død

16. desember 1995 (72 år)

Yrke keramikar

Ho vart fødd i Bergelandsgaten i Stavanger i 1923, og voks opp i Løkkeveien på eigedomen der far hennar, John Nielsen, dreiv møbelverkstad og –forretning. Ho døydde i Stavanger i 1995, 72 år gammal. Inger Waage utdanna seg til keramikar ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo 1943-1946. I nokre år dreiv ho keramikkverkstad på Løkkeveien, og i 1953 begynte ho som brukskunstnar ved Stavangerflint i Hillevåg. Stavangerflint hadde starta produksjonen i 1949, og det var direktør Trygve Brekke sitt ønske at bedrifta i tillegg til produksjon av bruksprodukt i fajanse/flint, òg skulle ha eit sortiment av kunstprodukt.

Waages handmåla produkt frå 1950-talet vann stor popularitet, særleg i utlandet. Det meste av hennar produksjon vart eksportert.[treng kjelde] I 1961 lagde BBC ein 20 minutt lang film om henne og verksemda. Den vart vist i Storbritannia og i ei rekke andre land i Europa.[treng kjelde] Ho arbeidde ved Stavangerflint og Figgjo Fajanse – Stavangerflint gjennom det meste av tre tiår, fram til 1979, då foretaket i Hillevåg vart lagt ned.

Inger Waage hadde ein stor produksjon, og hennar produkt blir i dag rekna som dei kan hende mest kreative og særprega som vart laga i Europa på 1950- og 1960-talet.[treng kjelde] I antikvitets- og samlarkretsar blir ho rekna med i gruppa av tidas fremste designarar frå denne perioden.[treng kjelde] I tillegg til pynteting, laga ho souvenirartiklar, gåveartiklar, barneservise og dekor til ei lang rekke bruksservise. Mellom dei mest kjente av desse er det serviset Bambus. Det er utstilt på Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design i den nymonterte samlinga som markerte 100-årsjubileet for unionsoppløysinga i 2005.

Kjelder endre

  • Jan Gjerde: «Håndmalt – inger. Inger Waage 1923 -1995» With English Summary. Stavanger 2008. ISBN 978-82-997803-0-8

Bakgrunnsstoff endre