Ingfrid

kvinnenamn

Ingfrid eller Ingefrid er eit kvinnenamn som kjem frå det norrøne gudenamnet Ing og frid, vakker. Det norrøne namnet Ingifríðr fekk etterkvart formene Ingerid og Ingrid i norsk språk, og vart først teke i bruk i den historiske forma i siste halvdelen av 1800-talet. Ei sideform av namnet er Ingfrida.

Ingfrid har namnedag 10. februar.

Bruken av namnet i Noreg endre

Namneforma Ingfrid vart teken i bruk på slutten av 1800-talet, i Trondheim i 1884 [1]

  • Ved folketeljinga i 1801 var ingen kvinner registrerte med dette namnet
  • Ved folketeljinga i 1900 var det 9 registrerte med namnet Ingfrid, 6 het Ingfrida, tredjeparten av desse budde i Sør-Trøndelag
  • I 2008 er det 572 kvinner Ingfrid til første fornamn, medan SSB ikkje gjev opplysningar om nokon med namnet Ingfrida.

Kjende namneberarar endre

Sjå òg endre

Kjelder endre