Ingrid

kvinnenamn

Ingrid (òg stava Ingri) eller Ingerid er norrøne kvinnenamn. Fyrste delen av namnet kjem frå guden Ing, som kan ha vore den same som Frøy. Andre delen, -rid, tyder vakker eller elska .

Ingrid har vore eit mykje brukt namn i Noreg i lang tid. Det var eitt av dei ti mest gjevne namna frå 1907 til 1931, og kom inn på denne lista igjen i 1991. I 1997 var det det mest gjevne norske jentenamnet. Det er i dag rundt 24 800 som heiter Ingrid (SSB 2006).

Ingrid har namnedag den 10. februar i Noreg og den 9. oktober i Sverige.

Namna Inga og Inger kan vera avleia av Ingrid.

Kjende namneberarar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre