Ingrid Evertsen

norsk politikar

Ingrid Anna Evertsen (fødd 28. mars 1956) er ein norsk skodespelar og standup-komikar frå Tromsø, best kjend for rollefiguren «Mossa».

Ingrid Evertsen
Fødd28. mars 1956 (68 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, skribent

Som Mossa har ho opptredd hyppig i diverse moroprogram frå Tromsø, blant anna i Du skal høre mye frå Rorbua, men òg i diverse private arrangement. Som «Mossa» gjorde ho eit lite comeback i NRK-serien Tidsbonanza episode 1 sesong 1.

Ho står òg bak ein kåseriserie i NorgesglassetNRK kalla «Lev lurt med Evertsen».

Evertsen bur i Mefjordvær i Berg kommuneSenja. Ho sit i kommunestyret (formannskapet) for Arbeidarpartiet. Ho har eit stort samfunnsengasjement, blant anna til fordel for Tromsøs venskapsby Gaza og for rettane til homofile.

Bibliografi

endre
  • Mossa i syden, Bladkompaniet, 1992
  • Mossa på hurtigruta, Bladkompaniet, 1993
  • Mossa si håndbok, Bladkompaniet, 1994

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre