Ingrid Sandvik

norsk politikar

Ingrid Sandvik (2. juni 192116. juni 1976) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var fyrste kvinne til å bli medlem av kommunestyret og ordførar i Orkdal kommune, og møtte på Stortinget som vararepresentant.

Ingrid Sandvik
Fødd2. juni 1921
Død16. juni 1976 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, husmor
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1969–1973)
  • vararepresentant til Stortinget (1973–1977) Sjå dette på Wikidata

Sandvik kom tidleg med i AUF, og blei vald inn som den fyrste kvinnelege kommunestyremedlemmen i Orkdal i 1956. Ho blei varaordførar i 1967, og rykte opp som ordførar då Kolbjørn Larsen døydde i 1968. Ho blei attvald året etter, og var på denne tida den einaste kvinnelege ordføraren i Noreg. Ho var også varaordførar i Sør-Trøndelag fylkeskommune og medlem i fylkesskulestyret.[1][2][3] Sandvik var ordførar til 1975.

Sandvik var vararepresentant nr. 2 for Sør-Trøndelag i stortingsperiodane 1969–1973 og 1973–1977. Ho møtte i to månader hausten 1970 og enkelte andre kortare periodar for Liv Aasen, og sat i Stortingets samferdslekomité i sin fyrste periode, og Kyrkje- og undervisingsdepartementet i sin andre periode.[4]

Sandvik sat som ordførar i Orkdal fram til 1975, då ho trekte seg frå aktiv politikk som følge av helsemessige årsaker. Ho døydde av sjukdom året etter, 55 år gammal.[3]

Kjelder

endre
  1. «Ordførervalgene i Sør-Trøndelag». Adresseavisen, 25. november 1967.
  2. «Kommunal mor for hele bygda: Dagbladet følger landets eneste kvinnelige ordfører gjennom en arbeidsdag». Dagbladet, 5. september 1970.
  3. 3,0 3,1 «Dødsfall». Aftenposten, 19. juni 1976.
  4. Nordby, Trond, red. (1985). Storting og regjering. Kunnskapsforl. s. 627. ISBN 8257302651. 

Bakgrunnsstoff

endre