Opna hovudmenyen

Kyrkje- og undervisingsdepartementet

Kyrkje- og undervisingsdepartementet var eit norsk departement som eksisterte frå 1814 til 1982.

Kyrkjedelen av departementet ligg i dag under Kultur- og kyrkjedepartementet. Undervisingsdelen ligg i Kunnskapsdepartementet.

HistorieEndra

Etter at Noreg var blitt ein sjølvstendig stat i 1814, blei seks departement oppretta same år. Kyrkje- og undervisingsdepartementet var det første og vart kalla 1. departement. Dernest følgde Justisdepartementet, Politidepartementet, Indredepartementet, Finans- og tolldepartementet og Departementet for krigsadministrasjonen.

Namnet Kirke- og undervisningsdepartementet blei innført frå 17. november 1818.

Under Kåre Willoch si regjering blei departementet i 1982 delt og ansvaret for kultursaker, høgare utdanning og forsking blei overført til det nye Kultur- og vitskapsdepartementet.

I 1990 blei dei to departementa reorganisert. Dei to nye departementa var Kyrkje- og kulturdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet.

I 1991 blei kyrkjesakene ført tilbake, og departementa vart kalla Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Frå 1. januar 2002 blei avdelingane i det opphavlege gamle departementet flytta til Utdannings- og forskingsdepartementet då kyrkjesaker frå same dato blei flytta til det nyoppretta Kultur- og kyrkjedepartementet.

Med Jens Stoltenberg si 2. regjering skifta departementet namn til Kunnskapsdepartementet.

Sjå ogsåEndra