Opna hovudmenyen

Ingunn Foss (fødd 7. februar 1960) er ein norsk politikar for Høgre. Ho er stortingsrepresentant for Vest-Agder fylke frå 2013.[1]

Ingunn Foss
Ingunn Foss (2017-03-11 bilde01).jpg
Fødd 7. februar 1960

Flekkefjord

Parti Høgre
Verv Ordførar i Lyngdal
 - periode 2007–2013
 - føregangar Hans Fredrik Grøvan
 - etterfylgjar Jan Kristensen

Foss var ordførar i Lyngdal kommune frå 2007 til 2013. Ho kom inn i kommunestyret i 2003 og var varaordførar fram til ho tok over som ordførar etter valet 2007. Ho styrte kommunen saman med Venstre og Frp, der Frp har varaordføraren ved Sigmund Abusland. Ingunn Foss har også møtt som vararepresentant for Peter Gitmark i Stortinget.

Foss har jobba i Kvinesdal kommune i 27 år, og er tobarnsmor.

KjelderEndra

  1. «Ingunn Foss». Stortinget.no.