Peter Skovholt Gitmark
norsk politikar
(Omdirigert frå Peter Gitmark)
Peter Skovholt Gitmark (fødd 15. april 1977 i Kristiansand) er ein norsk politikar frå Høgre. Han vart vald inn på Stortinget frå Vest-Agder fylke i 2005. Han var vararepresentant til Stortinget frå Vest-Agder i perioden 2001–2005 og møtte fast for Ansgar Gabrielsen mens han var i regjering.
Peter Skovholt Gitmark | |||
Peter S. Gitmark Foto: Kjetil Ree | |||
Fødd | 15. april 1977 (47 år) Kristiansand kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, kommunikasjonsrådgiver, forretningsdrivande | ||
Utdanna ved | Norges handelshøyskole | ||
Alle verv |
|
Gitmark var leiar av Vest-Agder Høgre frå 2004-2008 og leiar av Vest-Agder Unge Høgre 1996-98.
Han er utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole 1998-2003; og medlem av Vest-Agder fylkesting 1999-2003. Gitmark er president i organisasjonen International Young Democrat Union, som samlar ungdomspartia til sentrum/høgre-parti frå 50 land.
Stortingskomitear
endre- 2001–2005: Medlem i Kommunalkomiteen*2005–2009: Medlem i Finanskomiteen
- 2005–2009: Medlem i Energi- og miljøkomiteen
- 2009–2013: Medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen
- 2009–2013: Medlem i Fullmaktskomiteen
Bakgrunnsstoff
endre- Høgre - Biografi Arkivert 2009-04-06 ved Wayback Machine.
- petergitmark.no