Ingvild Stensland

norsk fotballspelar

Ingvild Stensland (fødd 3. august 1981) er ein norsk fotballspelar frå Lyngdal som har spelt toppfotball i fire norske klubbar, samt i Sverige og i Frankrike. Frå 2002 til 2013 var ho med på ein europacup-triumf, og å vinne seks seriemeistertitlar (Noreg og Frankrike), samt tre cupgull (Noreg og Sverige). Ho spelte på midtbana på det norske landslaget frå 2003 til 2014, og vann EM-sølv både i 2005 og 2013. Stensland var landslagskaptein frå 2009 til 2014.

Ingvild Stensland


Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. august 1981 (42 år)
Lyngdal
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2008, VM i fotball for kvinner 2007

Klubbspel endre

Stensland voks opp i ein fotballfamilie. Etter debuten for Lyngdal IL spela ho for Donn i 1999, Athene Moss 2000-01 og Kolbotn 2002-06. Med Kolbotn vart ho seriemeister i i både 2002, 2005 og 2006, samt cupmeister i 2007. I 2005 vart Stensland kåra til årets spelar i Toppserien, og i 2008 til årets norske kvinneleg fotballspelar.

Etter fem sesongar i Kolbotn flytta ho til Sverige og spelte i to år for Kopparbergs/Göteborg FC. Hausten 2008 reiste Stensland til den franske toppklubben Olympique Lyon. Her var ho med på å to strake seriemeisterskap; 2010 og 2011. Både i 2010 og 2011 spelte det franske laget seg også fram til finale i Europacupen for kvinner, den fyrste finalen enda med tap, medan den andre med siger 2-0 over Turbine Postdam. Stensland spelte 2010-finalen, men kom ikkje på bana i 2011-finalen. Sommaren 2011 gjekk ho då tilbake til Kopparbergs/Göteborg FC, der ho vart verande ut sesongen og var med då klubben vann den svenske cupmeisterskapen.

Frå våren 2012 har Stensland vore Stabæk-spelar. I 2012 vann Stabæk den norske cupen og i 2013 enda det med siger i Toppserien. På seinsommaren 2014 pådrog ho seg ein skade som sette henne på sidelinja til sommaren 2015.

Landslagsspel endre

Stensland landslagsdebuterte i Kina i januar 2003, der Noreg møtte USA i ei turnering og tapte 1-3. Sommaren 2005 var ho med då Noreg lukkast vinne sølv under europameisterskapen i England, Tyskland vann finalekampen i Blackburn. Frå den tid var Stensland i stendig større grad ein sentral midtbanespelar med sikker plass i den norske fyrsteellevaren.

Etter Ane Stangeland Horpestad la opp hausten 2008 var Stensland kaptein for Noreg til 2014. Ho leia landslaget til semifinale i EM 2009, der det vart tap mot europameister Tyskland. I 2013 var ho kaptein då Noreg og Tyskland møttest til EM-finale i Stockholm, atter ein gong viste dei tyske kvinnene seg for sterke. I perioden 2003-14 aksla Stensland den norske landslagstrøya 136 gongar og skåra 10 mål.

Kjelder endre