Ane Stangeland Horpestad

norsk fotballspelar

Ane Stangeland Horpestad (fødd 2. juni 1980) er ein tidlegare fotballspelar frå Orre i Rogaland. Ho spela for Klepp Idrettslag frå 1997 til 2008, med unnatak for år 2000, då ho var student i USA og spela på eit universitetslag, og i 2006-sesongen, då ho var med i Kolbotn IL sitt mannskap som vart seriemeistrar og spela seg fram til semifinalen i UEFA-cupen. Stangeland spela 105 landskampar for Noreg frå 1999 til ho la opp i 2008.

Ane Stangeland Horpestad


Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juni 1980 (43 år)
Stavanger kommune
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2008, VM i fotball for kvinner 2007

Ho er frå 2006 gift og busett i Sandnes.

Aktiv endre

Stangeland debuterte for Klepp i 1997, klubben kom på bronseplass i serien og spela cupfinale mot Trondheims-ØrnUllevaal stadion det same året. Også i 1999 vart det seriebronse for Klepp.

Ho debuterte for Noreg i 1999, men fekk ikkje plass i meisterskapstroppane til sommar-OL 2000 og EM 2001. Si fyrste internasjonale meisterskapturnering fekk ho som høgreback i 2003. Under verdsmeisterskapen det året vart det norsk fjerdeplass, etter tap i bronsekampen mot Kina.

Frå 2005 var Stangeland kaptein for det norske kvinnelandslaget, då hadde ho fått fast plass i laget som midtstoppar. Ho leia laget fram til finalen under fotball-EM 2005, der det vart finaletap 3-1 mot heimefavorittane Tyskland.

Stangeland spela for Kolbotn IL i 2006, då klubben sikra seg sin andre seriemeistertittel etter siger over Trondheims-Ørn i siste serierunde. Same året spela seg fram til semifinalen i UEFA-cupen, der Kolbotn-kvinnene vart slått ut av svenske Umeå IK.

Ho var med også til fotball-VM 2007 og avslutta si landslagstid med sommar-OL 2008. Ved sesongslutt i 2008 la ho opp.

Merittar endre

  • EM-sølv 2005 for Noreg
  • Seriemeister 2006 med Kolbotn
  • NM-sølv 1997 med Klepp
  • Bronsemedalje i serien 1997 og 1999 med Klepp

Kjelder endre