Bahá'u'lláh

(Omdirigert frå Bahaullah)

Bahá'u'lláh (12. november 181729. mai 1892) var grunnleggjaren av bahai-religionen. Det opphavlege namnet hans var Mirza Husayn-Ali Núri, men han tok det arabiske namnet Bahá'u'lláh som tyder Guds herlegdom. Innan bahai blir Bahá'u'lláh rekna for å vera Guds bodberar for menneskja i dag.

Bahá'u'lláh

Statsborgarskap Qajar Iran
Fødd 12. november 1817
Teheran
Død

29. mai 1892 (74 år)
Akko

Yrke profet, Manifestation of God
Språk persisk, arabisk
Religion Bahai
Far Mírzá `Abbás Núrí
Ektefelle Ásíyih Khánum, Fatimih Khánum, Gawhar Khanum
Bahá'u'lláh på Commons

Mirza Husayn-Ali Núri var fødd i Teheran i Iran. Han var ein tilhengjar av Báben, som grunnla religionen babisme. Ein av læresetningane i religionen var at «han som Gud skal syna fram» skal sameina alle menneske og religionar.

I 1863 i Bagdad openberra Bahá'u'lláh seg som den utvalde, den som babismen, og etter hans syn alle andre tidlegare religionar, hadde lova. Han skreiv brev til kongar og presidentar og formana dei om å leggje bort konfliktar og usemje og minske skattebyrda for dei fattige. Han bad dei komma saman til ein stor konferanse for å leggje fundamentet for «den største freden». Da dei ikkje lydde boda hans, erklærte han at dei kjem til å miste rikdommane sine. Krigar og katastrofar skal fortære land og område føre verdas likevekt blir oppnådd.

Bahá'u'lláh vart landsforvist frå Persia (noverande Iran) i 1850-åra, og reiste gjennom noverande Irak og Tyrkia i Det osmanske riket til Akko i det noverande Israel), der han døydde i 1892.

Verk endre

Den viktigaste boka hans, Kitáb-i-Aqdas (Den heilagaste boka), inneheld 190 vers med utførlege kommentarar. Denne boka blir i bahaitrua rekna som verdenscharteret for menneskja. Andre sentrale bøker er Kitáb-i-Iqan (Boka av vissheiter) og Dei skjulte ord (utgjeve posthumt). Ein del av bøkene hans er omsette til norsk.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre