Pave Innocens XI

(Omdirigert frå Innocens XI)

Innocens XI (fødd Benedetto Odescalchi16. mai 161112. august 1689) var pave frå 1676 til 1689.

Innocens XI

Innocentius XI
DåpsnamnBenedetto Odescalchi
Fødd19. mai 1611
Como
Død12. august 1689
Roma
Innsett21. september
Saligkåra:7. oktober 1956
Heilagkåra:Ikke heilgakåra
Festdag:Ingen
Føregangar:Klemens X
Etterfylgjar:Alexander VIII

Han reformerte kurien, førte finansane til pavestolen i orden og prøvde å umogeleggjere nepotisme. Han stilte seg avvisande til delar av morallæra eller probabilismen til jesuittane, men forkasta òg kvietismen til Miguel de Molinos. Han var i stadig strid med Ludvig XIV av Frankrike på grunn av absoluttistiske krav på å styre den franske kyrkja, kalla gallikanisme. Paven protesterte mot forfølginga av hugenottane i Frankrike etter at ediktet i Nantes vart oppheva i 1685. Han arbeidde for fred og einskap i Europa og fekk oppretta ein pakt mellom den polske kongen Jan III Sobieski og keisar Leopold I av Det tysk-romerske riket. Denne pakta var avgjerande for å frigjere Wien frå tyrkarane si kringsetjing av Wien i 1683.

Innocens XI vert rekna for den mest merkverdige paven på 1600-talet. På grunn av den uklanderlege livsførselen sin, generøsiteten mot dei fattige og ønsket om å fred, vart kanoniseringa av han innleidd, mot franske protestar. Paven vart saligkåra i 1956.

Kjelder endre