Jan III Sobieski
Jan III Sobieski av huset Sobieski (17. august 1629–17. juni 1696) var ein av dei mest framtredande monarkane i Polen-Litauen, som konge av Polen og storhertug av Litauen frå 1674 til han døydde. Det 22 år lange styret til Sobieski innleia ein periode med stabilisering i realunionen etter «den svenske syndefloden» og Khmelnytskyj-oppstanden. Han var populær blant undersåttane sine og var òg ein framragende militærleiar, mest kjend for å ha sigra over tyrkarane 13. september 1683 i slaget ved Wien. For sigrane sine over Det osmanske riket vart han gjeven oppnamnet «Lehistans løve» av tyrkarane og «Vaktar av trua» av dei kristne.
Jan III | |
![]() | |
Konge av Polen | |
Regjeringstid | 1674–1696 |
---|---|
Kroning | 2. februar 1676 |
Fødd | 17. august 1629 |
Fødestad | Olesko i Polen |
Død | 17. juni 1696 (66 år) |
Dødsstad | Wilanów, nær Warszawa |
Gravstad | Notre-Dame de Bon-Secours i Nancy i Frankrike; Wawel i Kraków i Polen |
Føregangar | Mikhail Korybut Wiśniowiecki |
Etterfølgjar | August II den sterke |
Gift med | Marie-Casimire-Louise de La Grange d'Arquien |
Ektefelle | Marie Casimire Louise |
Dynasti | Huset Sobieski |
Far | Jakub Sobieski |
Mor | Zofia Teofillia Daniłowicz |
Born | Jakub Ludwik Sobieski Teresa Teofila Sobieska Adelaide Luise Sobieska La Mannone Sobieska Teresa Kunegunda Sobieska Aleksander Benedykt Sobieski Konstanty Władysław Sobieski Jan Sobieski Brisacier |
Jan Sobieski byrja den militære karrieren sin som 20-åring etter å ha utdanna seg ved Det jagellonske universitet og reist i tre år i Vest-Europa (han lærde seg tysk, latin, fransk, italiensk og seinare òg tyrkisk og tatarisk). I 1656 vart han Kongeleg Standartbærar, i 1665 Kongeleg Marskalk, i 1666 Kongeleg Feltshetman og i 1668 Kongeleg Storhetman.
Etter sigeren sin i slaget ved Wien – då han dreiv osmanarane ut av Austerrike og Ungarn – fekk han av Johannes Hevelius eit stjerneteikn kalla opp etter seg («Sobieskis skjold»).
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Jan III Sobieski» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2010.