Fleirstavingsrim
Fleirstavingsrim (eller multies i hiphop-sjargong) er enderim som går over fleire stavingar. Ein rimar då anten på fleire ord av gongen, eller på særleg lange ord; eventuelt begge delar. Som verkemiddel er det mest vanleg i raptekstar, og då særleg mellom dei som stilistisk høyrer til austkystrappen. Sporadiske førekomstar av fenomenet dukkar òg opp i dikt av m.a. Petter Dass, Arne Garborg og Tore Ørjasæter.
Fleirstavingsrim i hiphop
endreUttrykksforma rap har utvikla seg mykje i laupet av dei relativt få åra ho har eksistert. Gjennom 1990-talet vart rappinga stadig meir komplisert, og fleirstavingsrimet dukka gradvis opp i hiphopmiljø på austkysten av USA fram mot midten av tiåret. Folk som Common Sense (som seinare forkorta namnet sitt til berre Common) og ikkje minst Nas var tidlege ute til å eksperimentera med det; Nas sa m.a. ”Now wait, another dose and you might be dead/ And I'm a Nike head, I wear chains that excite the feds” på låten “Halftime” allereie i 1992.
Den viktigaste arkitekten bak fleirstavingsrimet som me kjenner det i dagens hiphop, var likevel Bronx-rapparen Big Pun (1971-2000), som baserte heile stilen sin på tekster med lange rim framført med ein energisk stil som til slutt vart for intens for lungene hans og på sikt var med på å gje han slag. Allereie då han platedebuterte i 1996, med eit gjestevers på Fat Joe sin b-side-låt ”Firewater”, stabla han setningar på ein måte få av dagens rapparar klarar å gjera han etter.
Fleirstavingsrim som teknikk spreidde seg sakte men sikkert, og fenomenet eksploderte då Brooklyn-rapparen Fabolous slapp debutalbumet sitt «Ghetto Fabolous» i 2001. Fabolous sin måte å rappa på var særs avslappa, og på den måten radikalt annleis frå Big Pun sin, men dei hadde til felles evna til å rima lange ord og heile setningsledd. På grunn av den kommersielle suksessen vart Fabolous ein trendsetjar i større grad enn Pun hadde vore. Eminem sin flittige bruk av fleirstavingsrimet hadde òg innverknad på populariteten. I dag er rimteknikken meir eller mindre obligatorisk for rapparar som vil slå gjennom på austkysten (med visse unntak, m.a. 50 Cent). I sørstatane og på vestkysten har det framleis ikkje teke heilt av, sjølv om leiarfigurar som Outkast, Bun B frå UGK og T.I har leikt seg med det, tidvis med særs gode resultat.
I norskspråkleg rap vart fleirstavingsrimet introdusert då veteranane i Gatas Parlament slapp låten ”Nesevise” på CD-singelen "Naturkraft i 1997. Heilt gjennomført vart ikkje fleirstavingsrimstilen her til lands før den makabre Malviksrapparen Bad Spit slapp vinyl-EPen ”Sure oppstøt” året etter. Bad Spit er framleis ein av dei mest gjennomførte fleirstavingsrimrapparane her i landet, men multirimet har vorte ein vanleg kunst blant norske rapparar generelt, mykje på grunn av Jaa9 og Onkl P sin suksess.
Fleirstavingsrim i norsk litteratur
endreFleirstavingsrim som kunstart har aldri slått heilt an i norsk versekunst utanom i hiphopsamanheng. Det har likevel vore langt frå heilt fråverande, då det går an å finna spreidde førekomstar i mange ulike litteratursjangrar og i eit tidsspenn som går frå 1600-talet til i dag. Mellom diktarane som har brukt det kan nemnast m.a. Petter Dass, Arne Garborg, Tore Ørjasæter og Olav Aukrust.
Døme på fleirstavingsrim
endre- "Herregud, ditt dyre Navn og Ære
- Over verden høit i Savn maa bære
- Og alle Sjæle, Og alle Træle
- Og hver Geselle, De skal fortelle
- Din Ære
- GUd er Gud om alle Land laa øde
- GUd er Gud om alle Mand var døde
- Om slekter svimler, - Blant Stjernestrimler
- I høie himler Utallig vrimler
- GUds Grøde"
- -Den anden sang, Petter Dass
- Du e like langt som når du blir te stank
- I et lite, trangt jævla rottebur
- Æ kjæm med kulesikker vest
- På en fjortis-pule-drikke-fest, pottesur
- -Drap på norsk, Bad Spit
- I rub your face off the Earth and curse your family children
- like Amityville and drill the nerves in your cavity fillin’
- In'sanity's building up pavillion in my civilian
- The cannon be the anarchy that humanity's dealing
- -Twinz (Deep Cover 98), Big Pun
Kjelder
endreSjå diskusjonssida