Innsjøar i Litauen
Dei flest av innsjøane i Litauen er små. Det er om lag seks tusen innsjøar og vatn i alt og halvparten av dei er mindre enn 5 000 kvadratmeter. Alle innsjøane utgjer totalt 950 km² eller 1,5 % av landområdet til Litauen Innsjøane er ikkje spreidd jamt utover landet og dei fleste ligg i det baltiske høglandet som går frå grensa til Polen og langs grensa med Kviterussland og Latvia.
Om lag 1 200 av dei får berre vatn via grunnvatnet og har ingen elvar eller bekkar som renn inn eller ut av seg. Det finst mange innsjøar som er forbunde saman via kompliserte passasjar og bekkar. Slike innsjøsystem er ein stor turistattraksjon i Aukštaitija nasjonalpark det det vert drive med kajakkpadling. I tillegg er område som Molėtai stader der mange innbyggjarar i Vilnius har bygd fritidsbustadar ved dei mange innsjøane.
Største innsjøar
endre# | Naturlege innsjøar | Kunstige innsjøar | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Namn | Areal (km²) | Djup (m) | Merknad | Namn | Areal (km²) | Elvar | År ferdig | |
1 | Drūkšiai | 44,8 | 33,3 | Delt med Kviterussland, reservoar for Ignalina atomkraftverk | Kaunaslagunen | 63,50 | Nemunas | 1959 |
2 | Dysnai | 24,39 | 6,0 | Antalieptėlagunen | 15,72 | Šventoji | 1959 | |
3 | Dusia | 23,34 | 31,7 | Elektrėnailagunen | 13,89 | Strėva | 1962 | |
4 | Vištytis | 17,9 | 52 | Delt med Russland (Kaliningrad oblast), den høgastliggande innsjøen (170 moh) | Kupiškislagunen | 8,28 | Lėvuo | 1984 |
5 | Sartai | 13,31 | 20,9 | Lengste kystlinje (79 km), kjend for hesteløpa på isen | Kapčiamiestislagunen | 7,17 | Nieda | 1957 |
6 | Luodis | 13,02 | 18,4 | Bubiailagunen | 4,18 | Dubysa | 1978 | |
7 | Metelys | 12,86 | 15,0 | Širvėna | 3,35 | Apasčia | 1580 | |
8 | Avilys | 12,58 | 13,5 | Har flest øyar (31) | Kruonislagunen | 3,06 | - | 1992 |
9 | Plateliai | 12,04 | 46,0 | Størst i Samogitia | Aukštadvarislagunen | 2,93 | Verknė | 1960 |
10 | Rėkyva | 11,84 | 4,5 | Delar av byen Šiauliai | Balskailagunen | 2,8 | Jūra | 1963 |
Andre innsjøar
endre- Asveja er den lengste innsjøen. Med alle buktene er lengda nesten 30 km. Han er òg den tredje djupaste (50,2 m).
- Tauragnas er den djupaste innsjøen med 60,5 meter.
- Baluošas har ei lita øy, som igjen har eit lite vatn.
- Žuvintas er eit strengt verna reservoar. Han er den grunnaste innsjøen (3 m) og inneheld mange vadefuglar, men står i fare for å verte ei myr.
- Galvė har ei øy der slottet Trakai står.
- Krokų Lanka er den einaste innsjøen i Litauen med marint opphav.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lakes of Lithuania» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Stasys Vaitiekūnas, Elena Valančienė, Lietuvos geografija (Geography of Lithuania), 2004, Alma littera, ISBN 9955-08-534-7
- Ežerai (Lakes), Žemė, augalai, gyvūnai. Kompiuterinė Lietuvos enciklopedija (Land, Plants, Animals. Electronic Encyclopedia of Lithuania), 2005, Šviesa.
- Dėl valstybinės reikšmės vidaus vandens telkinių sąrašo ir jų plotų patvirtinimo, Government of the Republic of Lithuania, October 14, 2003, Decision No. 1268. Stored on Seimas law database.