Opna hovudmenyen

Ir Ovot (hebraisk skrift עִיר אֹבֹת ,עיר אובות, Ir Obot; tyder Obothbyen), var ein kibbutz i Israel 1967 til 1980-åra, som låg nordaust i Negev i Aravadalen. Det bur framleis folk her, i ei gruppe hus nær Ein Hatzeva.

Ir Ovot
עִיר אֹבֹת ,עיר אובות, Ir Obot
landsby
Metsad-Hatseva-343.jpg
Namneopphav: Obothbyen
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 30°48′31.68″N 35°14′44.88″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ir Ovot

Staden er eit omfattande arkeologisk kompleks kalla Tamarfestninga eller Hatzevahfestninga (hebraisk skrift מצודת חצבה) som er datert attende til 900-talet fvt. (tida kring Det samla kongedømet Israel/Det første tempelet).

GeografiEndra

Ir Ovot ligg sør for Daudehavet og søraust for Dimona i Arabahdalen, på ei tørr slette nedanfor Negevplatået og sør for Jordandalen. Busetnaden ligg inntil Ein Hatzeva på andre sida av veg 90 nær grensa til Jordan, og grensar til Arava regionale kommune.

HistorieEndra

Opphavleg låg Ein Husub politistasjon her under Palestinamandatet, og staden vart erobra av Det israelske forsvaret i 1948. Landsbyen Ir Ovot vart grunnlagd i 1967, i eit område som låg fråskild frå ein liten militærbase og ei vegkro langs vegen til Eilat. Han vart grunnlagd av ei gruppe amerikanske jødar.

HatzevafestningaEndra

 
Festninga.
 
Festningsporten.

Festninga vart først observert og dokumentert av Alois Musil i 1902, men det var først i 1950 at staden vart tidfesta til tida kring Det første tempelet. I 1960-åra vart det føreslått at det kan ha vore staden som er nemnt som Tamar i Esekiel.

Den første utgravinga fann stad i 1972.[1]

KjelderEndra

  1. Matt VandeBunte (March 2004). «Excavation at Biblical Tamar Park». The Boble and Interpretation. Henta 5. september 2015. 

BakgrunnsstoffEndra