Irene Thomsen Lie
Irene Thomsen Lie (6. februar 1922–2. mars 2017)[1] var ein norsk skodespelar. Ho er blant anna kjend for å ha medverka i fleire av produksjonane til NRK Fjernsynsteatret. Ho medverka også i ei rekkje høyrespel i NRK Radio, gjennom ein trettårsperiode som strekte seg frå 1950 til 1982.[2] Blant dei mest kjende og populære høyrespela ho spilte i, var God aften, mitt navn er Cox og Tulutta og Makronelle.
Irene Thomsen Lie | |||
| |||
Fødd | 6. februar 1922 | ||
---|---|---|---|
Død | 2. mars 2017 (95 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Verka som | skodespelar | ||
Ektefelle | Arne Lie |
Skodespelarkarriere
endreSom barn blei Thomsen med i Inga Bjørnsons Barneteater i Oslo.[3] I 1936 stod ho også på ei profesjonell teaterscene, i ei lita rolle på Det Nye Teateret. Teaterkritikaren Einar Skavlan kommenterte rolleinnsatsen hennar slik: «lille Irene Thomsen er fortrinlig som barnet».[4] I 1936 spelte ho på Centralteatret, i ein komedie der Lillebil Ibsen spelte bestemora hennar og Marie Hedemark hennar mor.[5] Allereie som syttenåring hadde ho ei mindre filmrolle, i De vergeløse, som hadde premiere i 1939.[6][7] Under andre verdskrig var ho ikkje aktiv som skodespelar.[8]
Som vaksen blei Thomsen etter krigen tilsett fyrst ved Komedia Teatret[8], deretter ved Den Nationale Scene i Bergen.[9] Då Kjell Stormoen tiltredde som teatersjef ved Rogaland Teater i 1951, blei Irene Thomsen ein av dei nye skodespelarane ved teateret.[10][11] Ho var også på turné med Riksteatret.
Thomsen hadde ei mindre rolle i spelefilmen De kalte ham Skarven, som hadde premiere i 1965 – den kvinnelege hovudrolla i denne filmen blei spelt av Liv Ullmann.[12] Thomsen var også med i spelefilmen Broder Gabrielsen (1966), og i Min Marion (1975)[12]
Filmografi
endre- 1939: De vergeløse (spelefilm)
- 1961: Den store barnedåpen (Fjernsynsteatret)
- 1963: Kranes konditori (Fjernsynsteatret)
- 1965: Den forvandlede brudgom (Fjernsynsteatret) – dette var ei dokketeateroppsetjing av eit stykke av Ludvig Holberg; Irene Thomsen gav stemme til ei av rollene
- 1965: De kalte ham Skarven (spelefilm)
- 1966: Broder Gabrielsen (spelefilm)
- 1968: Skipper Worse (TV-serie) – Thomsen medverka i episode 1, 3, 4 og 5 (av fem)
- 1975: Min Marion (spelefilm)
- 1980: Den som henger i en tråd (TV-serie) – Thomsen medverka i episode 1, 2 og 3 (av fire)
- 1983: I denne verden er alt mulig (TV-film)
- 1985: Alma (Fjernsynsteatret)
Familie
endreThomsen gifta seg i 1955 med skodespelarkollegaen Arne Lie (1921–1982).[13]
Referansar
endre- ↑ «Irene Thomsen Lie (dødsannonse)». jolstad.vareminnesider.no. Henta 31. januar 2024.
- ↑ «Person: Irene Thomsen». Hørespilldatabase (på norsk bokmål). Henta 25. januar 2024.
- ↑ Bjørnson, Inga (1950). 30 år med barneteatret. s. 27.
- ↑ Skavlan, Einar (1960). «Larsen eller melodien som ble vekk, av Kjeld Abell, på Det nye teater 1936». Norsk teater 1930-1953. Aschehoug. s. 69–70.
- ↑ Gjesdahl, Paul (1964). Centralteatrets historie. Gyldendal. s. 208.
- ↑ Bech, Leif-Erik (1939). Norsk filmregister 1939. Norsk filmblads forlag. s. 141.
- ↑ «De vergeløse». Norsk film gjennom 35 år. Centralforlaget. 1943.
- ↑ 8,0 8,1 Nygaard, Knut (1977). Den nationale scene 1931-1976. Gyldendal. ISBN 8205108277.
- ↑ «Lie, Arne». Norske skuespillerportretter. [Bokcentralen]. 1969.
- ↑ Stahl, Knut (1957). Rogaland Teater i 10 år. Dreyer. s. 20–21.
- ↑ Det lille teater. Dreyer. 1977. s. 18. ISBN 8270960438.
- ↑ 12,0 12,1 Register over norske langfilmer 1908-1.4.1990. Norsk filminstitutt. 1990.
- ↑ «Lie, Arne». Filmens stjerner. Chr. Schibsted. 1957.
- Denne artikkelen bygger på «Irene Thomsen Lie» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2024.