Irina Turova
Irina Robertovna Turova[a], ei tid gift Irina Botsjkarjova, (14. mai 1935–8. februar 2012) var ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Leningrad som i 1954 tok to EM-gull på høvesvis 100 meter og 4x100 m stafett.
Irina Turova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 14. mai 1935 St. Petersburg |
Død |
8. februar 2012 (76 år) |
Yrke | sprintar, friidrettsutøvar |
Språk | russisk |
Far | Q1800784 |
Mor | Galina Turova |
Aktiv
endreForeldra hennar, Robert Ljulko og Galina Turova, hadde begge i si tid sett sovjetrekordar i sprintøvingar og lengdehopp, og teke til saman 28 sovjetiske meistertitlar. 17 år gammal deltok ho sjølv under dei olympiske sommarleikane i Helsingfors i 1952. Her var ho utslått i kvartfinalane på 100 m, før ho sprang fyrsteetappen på Sovjetunionen sitt lag i 4x100 m stafett, ei tevling som enda med fjerdeplass for sovjet-kvinnene.
Turova gjorde eit svært godt meisterskap då EM i friidrett 1954 vart avvikla i Bern i slutten av august månad. På 100 meter sigra ho med tida 11,8 sekundar. Deretter sprang ho Sovjetunionen inn til gull på 4x100 m stafett, saman Vera Krepkina, Rimma Ultikina og Marija Itkina, på tida 45,8. Til siste vart det sølvmedalje på Turova på 200 m, slått av lagkamerat Marija Itkina med eit tidels sekund.
Også under sommar-OL 1956 sprang Turova sistetappen for Sovjetunionen på 4x100 m stafett, til liks med i 1952 vart laget nummer fire i øvinga.
Turovas personlege rekordar var 11,6 (1954) på 100 m og 24,2 (1956) på 200 m.
Ho døydde i Moskva.
Merknadar
endre- ↑ Kyrillisk skrift Ирина Робертовна Турова
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Irina Robertowna Turowa» frå Wikipedia på tysk, den 28. august 2014.