Irsk skriftspråk

Irsk skriftspråk er eit relativt konservativt skriftspråk. Det er eit regelmessig tilhøve mellom skrift og tale.

Uttale av det irske skriftspråket

endre

For å skrive irske ord trengst desse bokstavane:

a á b c d e é f g h i í l m n o ó p r s t u ú

Den akutte aksenten representerer i prinsippet lengd, men framfor visse konsonantsamband (særleg rl, rd, rn, nn, ll) er vokalen alltid, eller i alle fall vanlegvis, lang, og i første stavinga kan dei i visse dialektar bli til diftongar, særleg viss det kjem ein forlengande konsonant etterpå.

Palatalisering

endre

I irsk er konsonantane enten palatalisert eller ikkje palatalisert. I den irske grammatiske tradisjon bruker dei termane «smal» (engl. slender, irsk caol) og «brei» (engl. broad, irsk leathan). I rettskrivinga kjem dette fram ved at når konsonanten er smal, står det ein smal vokal (e, i, é, í) attmed, og når konsonanten er brei, står det ein brei vokal attmed. Viss det skal stå ein smal konsonant før eller etter ein brei vokal, må det stå ein smal vokal mellom vokalen og konsonanten, for å sikre at konsonanten blir smalt uttalt.

Mutasjonar

endre

Bokstavkombinasjonar som bh, dh, gh osb. i starten av ordet, såkalla leniering eller aspirering, kjem som eit resultat av preposisjonar, determinativar eller andre grammatiske partiklar framfor substantivet.

Inni ordet blir dei ein del av føregåande vokal, og dannar ein diftong, td. i ordet meabhair «sinn, fornuft» som blir uttalt med diftong, [au] eller [ou], ordet meidhir «glede» blir uttalt med diftongen [ai] eller [oi]. Slike bokstavsamband kan også brukast til å representere lånord, t.d. treabhsar «bukser» (< engl. trousers). Det er likevel store dialektskilnader når det gjeld uttalen av desse konsonantane.

Svekka konsonantar (ch, dh osb.) vart i den gamle irske rettskrivinga skrive som grunnbokstavar med prikk under, eller over, som /ċ/ = no: /ch/. Den gamle rettskrivinga var basert på klassisk 1600-tals-irsk, og inneheld mange bokstavar som ikkje blir uttalt i moderne irsk.

Ei anna endring i starten av ord er kalla eklipse. Då blir det framforstilte ein n, men den opphavlege konsonanten blir attende. Berre n'en blir uttala.

Den bestemte artikkelen an vil i nokon samanhengar gje ein t i starten av nokre talord og nokre substantiv som byrjar med vokal eller s.

Døme på rettskriving

endre
Gammal ortografi: Is breaġ an rud sgíṫiste i ndiaiḋ trí ṁíle de ṁílte sliġeaḋ a ċur ṫarat, agus caiṫfear a aidṁeáil go raḃ Buck ag éirġe fallsa de réir mar ḃí a ċuid cneaḋaċ ag cneasú, de réir mar ḃí na feiṫeógaí ag líonaḋ ann, agus an ḟeóil ag teaċt arais air le n-a ċuid cnáṁ a ċuṁdaċ. (frå Scairt an Dúċais, Niall Ó Dónaills Ulster-baserte omsetjing av Jack Londons klassikar the Call of the Wild) kjelde[daud lenkje]
Moderne ortografi (Ulster-basert): Is breá an rud scíste i ndiaidh trí mhíle de mhílte slíodh a chur tharat, agus caithfear a aidmheáil go rabh Buck ag éirí falsa de réir mar a bhí a chuid cneadhach ag cneasú, de réir mar a bhí na feitheogaí ag líonadh ann, agus an fheoil ag teacht ar ais air lena chuid cnámh a chumhdach.
Moderne ortografi (utan Ulster-særtrekk): Is breá an rud scíth i ndiaidh trí mhíle de mhílte slí a chur tharat, agus caithfear a admháil go raibh Buck ag éirí falsa de réir mar a bhí a chuid cneácha ag cneasú, de réir mar a bhí na féitheoga ag líonadh ann, agus an fheoil ag teacht ar ais air lena chuid cnámh a chumhdach.
Jack Londons engelske original: A rest comes very good after one has traveled three thousand miles, and it must be confessed that Buck waxed lazy as his wounds healed, his muscles swelled out, and the flesh came back to cover his bones.kjelde Arkivert 2005-04-20 ved Wayback Machine.

Den gamle rettskrivinga gjekk av bruk etter andre verdskrigen. Etter Irlands sjølvstende tidleg på 1920-talet, var det diskusjonar om korleis rettskrivinga kunne forenklast. Ein ny standard vart offentleggjort på slutten av 1940-talet.

For nye engelske lån trengst bokstavane j, v, x og z: veain «varebil», jab «arbeidsplass», jaingléir «søndagsfiskar», joltaeir «omreisande kjøpmann», xileafón «xylofon», «dyrehage». Bokstaven k trengst ikkje, c blir alltid uttalt [k] (bortsett frå framfor h, ch blir uttalt som tysk ach eller ich.

Oversyn over mutasjonar

endre
Basisform uttale   Aspirasjon uttale   Eklipse uttale
bokstav vanleg palatalt bokstav vanleg palatalt bokstav vanleg palatalt
b b bj bh som i engelsk won v mb m mj
c k kj ch som Ach-lyd som Ich-lyd gc g j
d d dj dh gamalgresk rho j nd n nj
f f fj fh blir ikkje uttalt bhf som i engelsk won v
g g gj gh gamalgresk rho j ng som ng
l l lj l ikkje aspirasjon l ikkje eklipse
m m mj mh som Nederlandse w som v m ikkje eklipse
n n nj n ikkje aspirasjon n ikkje eklipse
p p pj ph f fj bp b bj
r r z r ikkje aspirasjon r ikkje eklipse
s s sj sh h h s ikkje eklipse
(na lidwoord an) ts t tj
t t tj th h h dt d dj