Iru Khetsjanovi

georgisk songar

Irina Khetsjanovi (georgisk: ირინა ხეჩანოვი; engelsk: Irina Khechanovi; fødd 3. desember 2000 i Tbilisi), kjend som Iru, er ein georgisk songar og låtskrivar. Ho vann Junior Eurovision Song Contest 2011 som medlem av jentegruppa Candy, med songen «Candy Music».[1] I 2023 gjekk ho til topps i den femte sesongen av The Voice Georgia og fekk representere Georgia i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.[1]

Iru Khetsjanovi

Fødd3. desember 2000 (23 år)
FødestadTbilisi
Fødenamnირინა ხეჩანოვი
OpphavGeorgia
Aktiv2011–
Verka somsongar

Bakgrunn

endre

Khetsjanovi blei fødd 3. desember 2000 i den georgiske hovudstaden Tbilisi.[2][3] Ho har armensk opphav.[4] Som barn deltok ho i ei rekkje lokale songtevlingar, og i 2011 representerte ho Georgia i Junior Eurovision Song Contest 2011 i Jerevan i Armenia som del av jentegruppa Candy.[1] Gruppa vann tevlinga med songen «Candy Music».[5]

I 2019 deltok Khetsjanovi i den georgiske utgåva av Idol, men blei slegen ut før finalen.[6] To år seinare gav ho ut sin fyrste singel som soloartist, «No Jerk Around Me».

 
Khetsjanovi (i midten) etter sigeren i Junior Eurovision Song Contest 2011

I 2022 opptredde Khetsjanovi under Junior Eurovision Song Contest 2022 som del av ein medley med tidlegare vinnarar av tevlinga.[1] Ho hadde også vore med på å skrive songen «I Believe» med Mariam Bigvava, som var det georgiske bidraget i tevlinga det året.[3] Låten enda på tredjeplass.

Seinare i 2022 deltok Khetsjanovi i den femte sesongen av The Voice Georgia. Ho vann finalen 2. februar 2023 og sikra seg med det retten til å representere Georgia i Eurovision Song Contest 2023.[1] Ho deltok med låten «Echo» i den andre semfinalen torsdag 11. mai 2023. Der blei ho nummer 12 i semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[7]

The Voice Georgia-framsyningar og resultat
Runde Song Originalartist Resultat
Blindaudition «Never Enough» Loren Allred Blei med i Team Dato Portsjkhidze
Utslagsrunde «Leave the Door Open» Silk Sonic Vidare
Kvartfinalar «Smells Like Teen Spirit» og «Around the World» Nirvana og Daft Punk VidAre
Semifinale «Rise Like a Phoenix» Conchita Wurst Vidare
Finale «Euphoria» Loreen Vinnar

Diskografi

endre

Singlar

endre
  • 2021 – «No Jerk Around Me»
  • 2022 – «Not Like Today»
  • 2022 – «Tu mama»
  • 2023 – «Idea»
  • 2023 – «Echo»

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Georgia: Iru Khechanovi wins ticket to Liverpool 2023». eurovision.tv (på engelsk). 2. februar 2023. Henta 10. februar 2023. 
  2. «CANDY». junioreurovision.tv (på engelsk). Henta 10. februar 2023. 
  3. 3,0 3,1 NDR. «Junior-ESC-SiegerinIru Khechanovi singt für Georgien beim ESC». www.eurovision.de (på tysk). Henta 10. februar 2023. 
  4. «Georgian-ArmenianIru Khechanovi to represent Georgia at Eurovision Song Contest 2023». armenpress.am (på engelsk). Henta 10. februar 2023. 
  5. Adams, Oliver (2. februar 2023). «IruKhechanovi wins The Voice Georgia and will sing at Eurovision 2023 in Liverpool». wiwibloggs (på engelsk). Henta 10. februar 2023. 
  6. Granger, Anthony (13. januar 2019). «Georgia: Eleven Singers Receive Golden Ticket in Georgian Idol Show Two». Eurovoix (på engelsk). Henta 10. februar 2023. 
  7. «Iru». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.