Georgia i Junior Eurovision Song Contest

Georgia debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2007 i Rotterdam i Nederland, med songen «Odelia ranuni», framført på georgisk av Mari Romelashvili. Bidraga vart valde gjennom ei nasjonal finale mellom 2007 og 2011, arrangert av den georgiske kringkastaren GPB. Frå 2012 har bidraga vore valde internt.

Georgia
EuroGeorgia.svg
Offisielt Georgia

GPB
Uttakingar
Nasjonalt 8
Internt 6
Deltaking
Debutår 2007
Deltakingar 14
Beste resultat
Finalen 1 (2008, 2011 og 2016)
Verste resultat
Finalen 14 (2019)
Poeng
Totalt 1 602

Georgia har vunne Junior Eurovision Song Contest flest gongar, med tre sigrar. Fyrste gongen dei vann var i 2008, med songen «Bzz..», framført på eit oppdikta språk av gruppa Bzikebi. Dette var fyrste gongen i Eurovision-sammanheng, at ei song syngja på kunstig språk, har vunne. Tre år seinare, i 2011, vann landet med songen «Candy Music», framført på georgisk og engelsk av gruppa CANDY. Fem år etter landets andre siger, i 2016, vann landet med songen «Mzeo», framført på georgisk av Mariam Mamadashvili. Ho fekk den høgaste poengsummen i tevlingas historie, med 239 poeng.

I 2017, arrangerte Georgia tevlinga for fyrste gong og vart halden i Olympiapalasset i Tbilisi. 16 land deltok det året.

Bidrag i Junior Eurovision Song ContestEndra

År Artist Song Språk Poeng Plass
  2007 Mari Romelashvili «Odelia ranuni» Georgisk 116 4
  2008 Bzikebi «Bzz..» Kunstig 154 1
  2009 Group Princesses «Lurji prinveli» Georgisk 68 7
  2010 Mariam Kakhelishvili «Mari Dari» Kunstig 109 4
  2011 CANDY «Candy Music» Georgisk og engelsk 108 1
  2012 Funkids «Funky Lemonade» Georgisk og engelsk 103 2
  2013 The Smile Shop «Give Me Your Smile» Georgisk og engelsk 91 5
  2014 Lizi Pop «Happy Day» Georgisk og engelsk 54 11
  2015 The Virus «Gabede» Georgisk 51 10
  2016 Mariam Mamadashvili «Mzeo» Georgisk 239 1
  2017 Grigol Kipshidze «Voice of the Heart» Georgisk 185 2
  2018 Tamar Edilasjvili «Your Voice» Georgisk og engelsk 144 8
  2019 Giorgi Rostiasjvili «We Need Love» Georgisk og engelsk 69 14
  2020 Sandra Gadelia «You Are Not Alone» Georgisk og engelsk 111 6

RøystgjevingEndra

Georgia har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Armenia 126
2   Ukraina 100
3   Kviterussland 86
4   Nederland 72
5   Nederland 66

Georgia har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Armenia 137
2   Ukraina 117
3   Russland 106
4   Kviterussland 84
5   Nederland 83

GalleriEndra

VertskapEndra

År Stad Arena Programleiarar
  2017 Tbilisi Olympiapalasset Helen Kalandadze og Lizi Japaridze

Sjå ògEndra

KjelderEndra